Sunnhordland interkommunal legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane  Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er viktigaste ressurs for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremja personleg utvikling, ansvarsbevissthet og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidar

I tillegg til ei velfungerande legevakt driftar selskapet 9 senger i same bygg, 4 kommunale øyeblikkeleg hjelp døgnsenger og 5 kommunale observasjonssenger. Døgnavdelinga held høg fagleg kompetanse og lege tilgjengeleg heile døgeret. Avdelingssjukepleiar rapporterer og arbeider tett saman med dagleg leiar i SIL. I samarbeid med medarbeidarar skal du sikre eit godt øyeblikkeleg hjelp døgntilbod til innbyggjarane av høg fagleg og tidsmessig kvalitet.

Det er ledig fast 100% stilling som avdelingssjukepleiar ved IDA

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingssjukepleiar skal syte for drifta av avdelinga, vera delaktig i avdelinga sine oppgåver og følgje avdelinga sine prosedyrar.
  • Ansvar for turnus og oppfølging av fråvær i SIL.
  • Utvikle nye prosedyrar/ vera fagansvarleg.
  • Vera pådrivar for kvalitet- og utviklingsarbeid i avdelinga.
  • Presentera døgnavdelinga utad.
  • Gje fagleg rettleiing og undervisning.
  • Vera superbrukar i fleire av avdelinga sine system.
  • Samarbeide med selskapet sin daglege leiar og overlege i avdelinga.

Krav til kompetanse

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring fra akuttmedisin og/eller kommunehelsetenesta eller anna relevant erfaring.
  • Leiarutdanning eller rellevant leiarerfaring er ynskjeleg
  • Gjerne adekvat vidareutdanning
  • Ynskjeleg med rettleiings- og undervisningskompetanse
  • Interesse for fagutvikling og undervisning
  • Fordel å ha erfaring frå Notus/Visma og turnusarbeid

Personlege eigenskapar

  • Arbeider sjølvstendig, er robust, har god arbeidskapasitet og evne til å prioritere og styre ressursar.
  • Du kan vise til god gjennomføringsevne og skaper resultat gjennom målretta og strategisk arbeid
  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.
  • Evne til å meistre et høgt arbeidspress.
  • Evne til å tenke kreativt og løysingsorientert.
  • Evne til å tenke analytisk.
  • Evne og vilje til å rettleie, undervise og skape fagleg engasjement.
  • Evne til å bidra til godt samarbeid innan eigen avdeling og i organisasjonen generelt.
  • Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Har gode datakunnskaper.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Me tilbyr

  • Løn etter tariff
  • Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.
  • Tverrfagleg og sterkt fagmiljø med fokus på kvalitet og utvikling
  • Ei heilt ny avdeling med flotte lokaler og med spanande utfordringar.
  • God pensjons- og forsikringsordning.
  • Bedriftshelseteneste (YSST)
  • Medlemskap I Stord ve og vel 

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Me høyrer gjerne frå deg dersom du er den rette personen til å vera med å vidareutvikle eit godt tilbod i vår ØH-avdeling.

Ta gjerne uforpliktande kontakt med: Mona Yvonne E. Lothe, dagleg leiar. Telefon 53233072/ 48201982.

Søknadsfrist: 06.12.20

Søk på stilling