Stord sjukeheim har 97 pasientar fordelt på 5 avdelingar. Ledig stilling er i avd. Vikjo som er ei avdeling med god kompetanse på psykiske lidingar. Avdelinga har 18 pasientar.

Me ynskjer å knytte til oss ein sjukepleiar med erfaring og/eller interesse frå arbeid innan psykisk helse og som ynskjer å arbeide med eldre.

I funksjonen som koordinator så har ein hovudansvar for planlegging, koordinering og dokumentering av tenestene til pasientane på si gruppe. Koordinator skal vere pådrivar og motivator for medarbeidarar på gruppa og saman med avdelingssjukepleiar sørgja for at rutinar og faglege oppgåver vert følgt godt opp.

Me er på utkikk etter ein tilsett som er fagleg engasjert og som vil vere med å utvikle avdelinga saman med avdelingssjukepleiar og dei andre dyktige tilsette.

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar.
  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning innanfor psykisk helse.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

 

Me tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Pensjon i KLP

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje

Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Marit Hetlesæter, tlf 53 40 44 75 eller 53 45 43 62, eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097

Søknadsfrist: 31.10.21

Søk på stilling