PPT har 10 fagstillingar og ei fin alder/erfaringsblanding. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom varierande arbeidsmåtar. Kommunane våre er i gang med implementering av ny Læreplan for grunnskulen og Stortingsmelding 6 «Tett på – tidlig innsats og inkluderande fellesskap i barnehage, skole og SFO». PPT satsar mykje på nettverk mellom skular og barnehagar.

Me treng fagperson med:

  • Master i spesialpedagogikk eller anna relevant fagområde – gjerne logopedi/språk/grunnleggjande dugleikar
  • Kjennskap til og/eller interesse for utviklingsarbeid i skulen og i barnehage
  • Interesse for, og fokus på elevar med særlege behov
  • Test/utgreiingskompetanse i samband med sakkunnearbeid (§ 31/5-1)

Me ynskjer deg som er:

  • Engasjert og personleg eigna
  • Systematisk og sjølvstendig
  • Jobbar godt saman med andre
  • Har erfaring og/eller kunnskap om grunnskulen
  • God når det gjeld munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Påliteleg

Me kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Spørsmål om stillingane kan rettast til einingsleiar Birthe Blokhus 92064415,

eller fagleg leiar Jannecke Fjeldtvedt, tlf. 53496946/95029178

Søknadsfrist:  14.03.21

Søk på stilling