Heimebaserte tenester i Stord består av 3 geografisk inndelte avdelingar. Me gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande i heile kommunen. Avdelingane er delt inn i tre arbeidslag, som arbeidar etter primærkontaktmodellen. Stillinga er for tida plassert i avdeling Sentrum, og kan bli tillagt fagkoordinatorfunksjon

Arbeidsoppgåver:

Som sjukepleiar har du ansvar for dagleg utføring og oppfølging av sjukepleiefaglege prosedyrar, observasjonar og sjukepleiedokumentasjon i høve brukarane. Du har evne til å prioritere og å handtere hektiske periodar og akutte situasjonar. Saman med andre yrkesgrupper har du ansvar for pleie og behandling av kvar einskild brukar. Du bidreg til kvalitetsutvikling, rettleiing og HMT arbeid. Du har fokus på brukarmedverknad og møter brukar og pårørande i tråd med «Kva er viktig for deg?»

Kvalifikasjonar:

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Gode IT kunnskapar
  • Ønskeleg med relevant erfaring, anten frå studie eller praksis
  • Du snakkar så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre dine arbeidsoppgåver sjølvstendig
  • Du har førarkort kl B

Personlege eigenskapar:

  • Du er stolt over sjukepleiarfaget
  • Har evne til samarbeid og fleksibilitet
  • Arbeidar målretta og resultatorientert
  • Gjev og tek i mot rettleiing
  • Arbeidar sjølvstendig og strukturert
  • Har evne til kritisk refleksjon over eigen praksis

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Støtte til relevant vidareutdanning etter gjeldande regelverk/praksis
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter tariff med tillegg for relevant vidareutdanning,
  • Eit eige rekrutteringstillegg på kr. 25.000,-  i tillegg til garantiløn.
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Anne Grete Vik, tlf 481 57 741 og einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård tlf 975 52 102    

Søknadsfrist: 17.05.21

Søk på stilling