Hovudoppgåver:

  • Sakshandsaming av byggesaker etter plan- og bygningslova, inkl. klagesakshandsaming.
  • Kontroll og tilsyn i byggesaker samt følgja opp ulovleg byggeverksemd.
  • Rettleiing/service mot publikum og bygge- og anleggs-bransjen.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Master- eller Bachelorgrad innan bygg og areal-/eigedomsforvaltning som t.d.  byggingeniør, samfunnsgeograf, planleggjar eller annan relevant høgare utdanning.
  • Søkjarar med relevant praksis, men som manglar formell utdanning, vil verte vurdert.
  • Kjennskap til plan- og bygningslova og tilhøyrande regelverk.
  • Kjennskap til offentlege prosessar og forvalting.

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk målform)
  • Strukturert
  • Serviceinnstilt

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Anne Randi Naurstad, tlf. 53 49 69 43 eller mobil 916 44 165.                                     

Søknadsfrist: 21.04.21

Søk på stilling