Eining for aktivitet og re/habilitering er ein aktiv og travel arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar utanfor eininga.

Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik. Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfaglig miljø.

Arbeids- og ansvarsområde:

Arbeidsområdet er retta mot rehabilitering, førebygging og behandling av vaksne og eldre. Individuell oppfølging av pasientar, tverrfagleg samarbeid og leiing av grupper vil vere viktige oppgåver i stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent fysioterapiutdanning.
  • Erfaring frå kommunal helseteneste vil vere ein fordel.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt. Det vert lagt vekt på evne til samarbeid, til god kommunikasjon med brukarane, god arbeidskapasitet og arbeidsglede. Me ynskjer kollega som er løysingsorientert og som likar utfordringar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team. Du er strukturert og taklar stress godt.
  • Sertifikat for bil er naudsynt.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hos avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi Andreas Sirevaag tlf. 414 05 425, eller hos einingsleiar Kristin Steinsland tlf 416 94 266

Søknadsfrist: 25.04.21

Søk på stilling