STORD KOMMUNE

Kommunen har vel 18 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

 

Stord kommune har ledig stilling for sjukeheimoverlege frå d.d. Stillinga er nyoppretta.

Det vert klinisk retta arbeid på lik line med dei andre sjukeheimslegane i deltidsstillingar. Legen skal vera medisinsk fagleg rådgjevar i sjukeheimen, ta del i inntak og fordeling av pasientar og kvalitetsutviklingsarbeid. Søkjar vil såleis kunna vera med og forma ut innhaldet i stillinga framover.

Stillinga kan kombinerast med fastlegeheimel som er ledig. 

 

Vilkår

I tilfelle kombinasjon med fastlegeavtale har legen vaktplikt i Sunnhordland interkommunale legevakt inkludert KAD.

Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av gjeldande forskrift, retningsliner og tariffavtalar.

Vaktordning

Legevakta har fast stasjon i eit samarbeid mellom 3 kommunar med 31000 innbyggjarar. Det vert om lag 3 vakter/mnd. og høve for ekstravakter. Vaktdøger er oppdelt med tilstadesvakt for lege og sjukepleiar i fastlønsordning. Legevakta er samlokalisert med interkommunal sengeavdeling (KAD) i nye moderne lokale og nær Stord sjukehus og ambulanse.

Vi legg vekt på gode referansar som gjeld fagleg dugleik og personlege eigenskapar i høve samarbeid.

God norsk språkutøving og kulturforståing er viktig.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit faglig godt tilbod til pasientar og tilsette. Det vert individuelt tilrettelagd støtte for utdanning i samfunnsmedisin etter nærare avtale.

Vi har godt samarbeid med vel-fungerande lokalsjukehus på Stord.

 

Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk eller etter avtale. Det må leggjast fram politiattest.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontakt kommunalsjef Knut J. Gram på 97552011, e-post: knut.j.gram@stord.kommune.no, kommuneoverlege Lars Helge Sørheim på 990 95 893, e-post: lhs@stord.kommune.no eller styrar Esther Aasen Bjelland på 97552097, e-post: esther.aasen.bjelland@stord.kommune.no, for nærare opplysningar.

Søknadsfrist: 17.05.2021

Søk på stilling