Bustadkontoret er del av tildelingskontoret i kommunen og består av 4 personar.

Kontoret handsamar søknader om kommunal bustad og omsorgsbustad, søknader om startlån og tilskot og søknader om bustønad. Kontoret har og ansvar for vederlagsutrekning for opphald på institusjon, rekvirering av hjelpemiddel og tryggleiksalarmar, registrering av post til eininga og kontering av fakturaer for eininga og andre merkantile oppgåver.

Alle i teamet har kvar sine hovudoppgåver og må kunne bistå på nokre av dei andre områdene. Arbeidet med saksbehandling av kommunale bustader, startlån og bustønad er særleg tett.

Oppgåver:

  • Saksbehandling av startlån søknader og oppfølging av eksisterande lån
  • Saksbehandling bustønad
  • Rekvirering av hjelpemiddel frå kommunalt hjelpemiddellager
  • Ved behov – postregistrering for tildelingskontoret
  • Evt også bestilling av tryggleiksalarm

Kvalifikasjonar:

  • Økonomisk utdanning, gjerne 3årig høgskuleutdanning
  • Relevant arbeidserfaring, gjerne frå bank eller anna arbeid relatert til økonomi
  • Er nøyaktig og strukturert
  • Evne til å kommunisere med menneske i ein vanskeleg situasjon
  • Flink til å skape gode relasjonar
  • Er løysingsorientert og god å tenke heilskap og å samarbeide på tvers av tenester
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • God i skriftleg og munnleg framstilling, beherske nynorsk
  • Kjennskap til offentleg saksbehandling
  • Er personleg eigna og har engasjement
  • Gjerne kjennskap til anna tenesteyting i kommunen

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Einingsleiar Britt Sørensen Dalsgård Tlf 975 52 102

Søknadsfrist: 20.06.21

Søk på stilling