Eining for Habilitering yt tenester til personar med utviklingshemming. Koordinering av ulike tenester til heimebuande barn/ungdom og andre personar som ikkje bur i bustad med heildøgnsomsorg, er lagt til ein leiar. Desse tenestene er organisert i Eining for Habilitering som har hovudkontor i SKE-bygget på Leirvik. Avlastingsbustaden ligg i Sævarhagen, ca. 5 minutt å køyra frå Leirvik sentrum.

Me er ei mangfaldig personalgruppe som trivst godt i saman. Me ynskjer medarbeidarar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert. God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.

Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:

  • Fagleg ansvar i avdelinga
  • Kartlegga behov og utarbeida faglege mål
  • Oversikt over mål, oppgåver, aktivitetar og organisering av eininga og avdelinga
  • Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
  • Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet for brukar
  • Legga til rette for aktivitet, trivsel og meistring
  • Yta tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
  • Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
  • Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
  • Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
  • Halda deg fagleg oppdatert
  • Halda deg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar
  • Sørga for presis og utfyllande dokumentasjon
  • Gjera deg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift
  • Utarbeiding, oppfølging og rettleiing i høve Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
  • Planlegging om gjennomføring av ansvarsgruppemøter
  • Samarbeid og rettleiing av foreldre/føresett

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert vernepleiar eller autorisert sjukepleiar
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå å jobba med brukargruppa
  • God fysisk og psykisk helse

Me tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje

Kontaktperson: Avdelingsleiar Ingfrid Kambe Strømsnes, tlf. 53 49 68 14/975 5 2 159 eller einingsleiar Nina Steinsbø Walquist tlf. 53 49 68 82/975 52 048.

Søknadsfrist: 15.08.21

Søk på stilling