Sunnhordland interkommunale barnevernteneste, Bømlo, Fitjar og Stord (SIB) – er organisert med Stord som vertskommune og tenestestad. Tenesta har kontorstad på Leirvik. Stord kommune er formell tilsetjingsstad. Tenesta er eit interkommunalt samarbeid etter Kommunelova § 28b,  Kommunane sitt totale innbyggjartal er omlag 33.800. Tenesta  forvalter alle oppgåver og område innan Lov om barnevernteneste i våre tre kommunar. Sib er lag(team)organisert med tre aldersdelte lag som ansvarlege for melding og undersøkjing. Vidare er lag omsorg ansvarleg for barneverntiltak utanfor heimen og lag familierettleinng har ansvar for styrkingstiltak i familiar

Kvalifikasjonar:

  • Barnevernspedagog eller sosionom.
  • Det er ynskjeleg at du har vidareutdanning innan eit av områda barnevern, spe- og småbarn, minoritets-/ kulturforståing, rus/ psykisk helse.
  • Sertifikat klasse B vert krevd.

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling etter lov om barnevern
  • Gjennomføre undersøkingar
  • Iverksetje og følge opp tiltak
  • Representere kommunen i rettsinstansar
  • Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt
  • Det må påreknast noko reiseverksemd og ettermiddag-/ kveldsarbeid.

Du vert del av:

  • Eit fagleg fellesskap rundt den enkelte familie
  • Ein dynamisk og meiningsfull arbeidskvardag med eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Eit fagområde i kontinuerleg utvikling der det er mogleg med påverknad, endring og ny læring

Me legg vekt på at du:

  • Har erfaring med barn og unge og arbeid frå barnevernteneste, og har god evne til kontaktetablering i møte med barn, unge og deira nettverk
  • Kan jobbe målretta og ha evne til å strukturere eigen kvardag, samt ta sjølvstendige avgjerdsle
  • Har evne til å handtera høgt arbeidstempo og stå i relasjonar over tid
  • Er initiativrik, løysingsorientert, har gode samarbeidsevne, engasjement og syner god fagleg forståing
  • Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og noko økonomiforståing
  • Har kunnskap om aktuelt lovverk
  • Er datakunnig og har interesse for system- og kvalitetssikring i dataverktøy

 

Personleg eignaheit vil verta vektlagt.

Me ynskjer eit større mangfald i personalgruppa, og personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda til å søkje.

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

 

Me kan tilby:

  • Eit fagleg fellesskap rundt den enkelte familie
  • Ein dynamisk og meiningsfull arbeidskvardag
  • Eit fagområde i kontinuerleg utvikling der det er mogleg med påverknad, endring og ny læring
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar om stillinga hos leiar Jørund Tvedt, tlf 907 62 587 eller  jorund.tvedt@stord.kommune.no 

Søknadsfrist 03.10.21

Søk på stilling