Skulen ligg i bydelen Litlabø i Stord kommune. Me ligg fint og usjenert til, og like nedanfor skulen ligg det gamle gruveområdet på Litlabø. Det første skulebygget som kom på Litlabø vart bygd i 1925, og vart kalla for gamleskulen. Bygda har med andre ord hatt eigen skule i 95 år

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Hjelpe til og ta ansvar for det praktiske pedagogiske arbeidet i SFO og vere med å legge til rette for aktivitetar, trivsel og god utvikling hos barna
  • Ta aktiv del i all aktivitet rundt barna, både ute og inne
  • Kan få ansvar for barn med spesielle behov både i undervisning og SFO.
  • Bidra til å fremme eit godt teamarbeid slik at det enkelte barn blir best mogleg ivaretatt.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Rektor Kesia Palmer, mobil 92  64 68 05

Søknadsfrist: 01.08.2021

Søk på stilling