Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for Stord, Bømlo og Fitjar kommune.

Vår viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkeleg helsehjelp. Dei tilsette er viktigaste ressurs for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremja personleg utvikling, ansvarsbevissthet og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidar.

For å arbeida ved legevakta må ein ha minimum to-års erfaring som sjukepleiar eller anna relevant utdanning/arbeidserfaring.  Dine oppgåver vil m.a. vera å utføre sjukepleieoppgåver og andre avtalte oppgåver knytt til avdelinga i samarbeid med kollegaer og leiing. Hovudfunksjonen vil vera å yta gode faglege, vegleiande og omsorgsmessige tenester til dei pasientar som tek kontakt med legevakta.

SIL dekker eit legevaktområde for om lag 34 000 innbyggarar, og er i tillegg legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. All kontakt på legevakta blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad, og i avdelinga har ein både laboratorieverksemd i tillegg til utføring av medisinske og kirurgiske prosedyrar.

 

Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.

Kompetanse og personlege eigenskapar hos søkjar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Minimum 2 års erfaring
  • Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.
  • Evne til å meistre eit høgt arbeidspress.
  • Fleksibel.
  • Evne til å tenke kreativt og løysingsorientert.
  • Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.
  • Evne til å samarbeida tverrfagleg.
  • Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Har gode datakunnskaper.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Me tilbyr:

  • Løn etter tariffavtale
  • Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.
  • Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming
  • Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.
  • Internundervisning
  • Pensjonsordning gjennom KLP
  • Bedriftshelseteneste 
  • Medlemskap i Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med

Søknadsfrist: 15.08.21.

Søk på stilling