Stillinga er og tiltenkt ei rolle i brannberedskapen. Noko som krev at ein har bustad i nærleiken til hovudstasjon på Vabakkjen.

Stord brann og redning er eit kommunalt brannvesen, med hovudstasjon på Vabakkjen, like ved Leirvik sentrum. Brannvesenet har i dag åtte heiltidstilsette, samt ein lærling i feiarfaget, og om lag 40 deltidstilsette fordelt på 2 stasjonar og depot. Førebyggjande avdeling har ansvar for tilsyn med om lag 120 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med om lag 7500 fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader, i Stord og Fitjar kommunar.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn med og feiing av fyringsanlegg
  • Sakshandsaming innan eige fagområde
  • Motivasjons- og informasjonsarbeid
  • Brannførebyggjande arbeid med særleg vekt på risikogrupper
  • Kurs- og instruktøroppgåver
  • Inngå som deltidspersonell i brannberedskapen

Kvalifikasjonar:

  • Svennebrev i feiarfaget. Søkjarar utan svennebrev i feiarfaget vil bli vurdert, men med føresetnad at søkjar er villig til å ta dette
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å tilpasse seg eit fellesskap med personleg orden, vere høfleg og vise omsyn til andre
  • Gode samarbeidsevner, men likevel kunne arbeide sjølvstendig
  • Serviceinnstilt
  • Ha interesse for fagområdet
  • Evne til å kommunisere og bygge tillitsfulle relasjonar
  • Beherske digitale verktøy
  • Må vere fysisk og psykisk skikka til arbeidet og ha god helseattest

Me tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt fagmiljø
  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsordning
  • Treningsfasilitetar på arbeidsplassen
  • Løn etter avtale

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Politiattest må visast fram ved tilbod om stilling.

Me ber om at referansar vert oppgjevne i søknaden. Kopi av vitnemål og attestar må takast med til eit eventuelt intervju.

Kontaktperson:

Avd.leiar førebyggjande Ragnhild Vad, mobil: 48158582, ragnhild.vad@stord.kommune.no, eller

Brannsjef Jan Ove Anthun, mobil: 97552053, jan.ove.anthun@stord.kommune.no.

Søknadsfrist: 17.Oktober

Søk på stilling