Stord kommune er ein industri- og teknologikommune i Vestland fylke med nær 19 000 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Som regionsenter har Stord eit godt utbygd tenestetilbod og sjukehus. Her er flyplass med daglege avgangar til Oslo. Kommunen er skulesenter med vidaregåande skular, lærarutdanning og barnehagelærarutdanning, sjukepleiarutdanning og ingeniørutdanning. Stord har eit rikt kulturliv med eit mangfald av lag og organisasjonar. Det er gode vilkår for sport og friluftsliv i kommunen.

Stord folkebibliotek ligg i Stord kulturhus, saman med kino, symjehall og kulturskule, kommunen si kultureining er og lokalisert der. Me er samarbeidsorienterte, og eit aktivt bibliotek med mykje aktivitet. Me søkjer deg som er glad i å jobbe med arrangement og vil vere med å utvikle bibliotekets kurs, foredrag og digital formidling vidare.

Stord folkebibliotek søkjer arrangementsansvarleg medarbeidar

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Hovudansvar for bibliotekets arrangement, herunder arrangementsplanlegging, inngå avtaler om arrangement og overoppsyn med avvikling av arrangement
  • Hovudansvar for bibliotekets digitale tenester, t.d. heimeside, Facebook, podcast, bookbites
  • Publikumsteneste inne og utanfor biblioteket
  • Det inngår kvelds- og laurdagsvakt i stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • Godkjent bachelor i bibliotek – og informasjonsfag, eller tilsvarande
  • Erfaring innan arrangementsavvikling
  • Gode digitale kunnskapar
  • Gjerne teknisk kompetanse
  • Skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer deg som er initiativrik og har evne til å tenkje kreativt og utradisjonelt i utviklinga av arrangement i biblioteket med fokus på best mogleg tilbod til innbyggarane våre.
  • Du er komfortabel med å snakke framfor forsamlingar.
  • Du har god arbeidskapasitet.
  • Du er ein person med overblikk og taklar å ha fleire ballar i lufta samstundes.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og trivst med å arbeida med menneske.
  • Du har godt humør og positiv serviceinnstilling.

Menn oppmodast til å søkje

Me kan tilby:

  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hos biblioteksjef Elin Mariboe tlf. 905 91 433 eller einingsleiar for kultur Anne Lene Østvold Jordåen tlf. 480 43 386.

Søknadsfrist: 03.10.21

Søk på stilling