Stord kommunalteknikk er ei tenesteeining i Stord kommune, lokalisert på Rundehaugen 45 på Heiane, og har 37 tilsette innan fagfeltet veg, vatn og avløp. Eininga har totalansvaret for utbygging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale vegar og vatn og avløpsanlegg.

Stord kommunalteknikk vedlikeheld 150 km kommunal veg, 12 bruer, 260 km vassleidningar med tilhøyrande vasshandsamingsstasjon, høgdebasseng og damanlegg samt 180 km avløpsleidningar med tilhøyrande avløpspumpestasjonar og avløpsreinseanlegg. Årlege investeringskostnadar er kring 200 mill.

Fagarbeidar drift VA-anlegg skal:

  • Bistå og rapportera til arbeidsleiar i driftsorganisasjonen.
  • Ha god kompetanse innan røyrlegging/anleggskompetanse, fagbrev innan sanitærrøyrlegging/industrirøyrlegging og helst med ADK-sertifikat.
  • Ta del i det daglege vedlikehaldet av alle installasjonar knytt til vass- og avløpsnettet.
  • Ha evner og interesse for anleggsarbeid/entreprenørarbeid og gjerne ha maskinkøyrarbevis og visa til maskinkøyrarerfaring.

Stord kommunalteknikk ynskjer å tilsetja folk som:

  • Kan arbeida og avklara arbeidsoppgåver sjølvstendig.
  • Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø.
  • Er kostnadsbevisst og ynskjer stå på for arbeidsplassen sin.
  • Er fagleg flinke, evnar å utvikla seg innan arbeidet sitt og er nytenkjande.
  • Har røynsle med IKT-verkty og ser potensiale i desse.
  • Har røynsle frå anleggsbransjen.
  • Har førarkort for bil.

Stord kommunalteknikk tilbyr:

  • Varierande arbeidsoppgåver.
  • Ryddig arbeidstid.
  • Eit godt og uformelt arbeidsmiljø der HMT vert vektlagt.
  • Høve for personleg vekst og utvikling i arbeidet.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar hos avdelingsleiar drift VA. Øivind Lothe, tlf.: 975 52 070, eller konstituert einingsleiar i Stord kommunalteknikk, Arnstein Hetlesæter, tlf.: 975 52 062.

Søknadsfrist: 01.11.21

Søk på stilling