Heimebaserte tenester i Stord består av 3 geografisk inndelte avdelingar. Me gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande i heile kommunen. Avdelingane er delt inn i tre arbeidslag, som arbeidar etter primærkontaktmodellen. Stillinga er for tida plassert i avdeling sentrum og har to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver:

Som sjukepleiar har du ansvar for dagleg utføring og oppfølging av sjukepleiefaglege prosedyrar, observasjonar og sjukepleiedokumentasjon i høve brukarane. Du har evne til å prioritere og å handtere hektiske periodar og akutte situasjonar. Saman med andre yrkesgrupper har du ansvar for pleie og behandling av kvar einskild brukar. Du bidreg til kvalitetsutvikling, rettleiing og HMT arbeid. Du har fokus på brukarmedverknad og møter brukar og pårørande i tråd med «Kva er viktig for deg?»

Stillinga er og tillagt oppfølging av sjukepleiarstudentar i eininga. Du tek i mot studentane, organiserer turnus, følgjer opp både studentar og kontaktsjukepleiarar som har behov for det. Du er kontaktperson for sjukepleiarutdanninga ved HVL i forhold til praksisplassane i eininga.

Kvalifikasjonar:

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Interesse for studentveileding
  • Gode IT kunnskapar
  • Ønskeleg med relevant erfaring, anten frå studie eller praksis.
  • Du snakkar så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre dine arbeidsoppgåver sjølvstendig
  • Du har førarkort kl B

Personlege eigenskapar:

  • Du er stolt over sjukepleiarfaget
  • Har evne til samarbeid og fleksibilitet
  • Arbeidar målretta og resultatorientert
  • Gjev og tek i mot rettleiing
  • Arbeidar sjølvstendig og strukturert
  • Har evne til kritisk refleksjon over eigen praksis

Me tilbyr:

  • Faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Støtte til relevant vidareutdanning etter gjeldande regelverk/praksis
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter tariff med tillegg for relevant vidareutdanning
  • Funksjonstillegg i høve funksjon som studentansvarleg sjukepleiar
  • Rekrutteringstilskot kr 25.000/år for sjukepleiarar i Heimebaserte tenester
  • Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Anne Grete Vik tlf 481 57 741

Søknadsfrist: 24.10.21

Søk på stilling