Stord kommunalteknikk sitt føremål er utbygging, drift og vedlikehald av vatn, avløps- og veganlegg i Stord kommune, og andre oppgåver i tilknyting til dette. Trafikksikring og parkering i Stord kommune er også eininga sitt ansvar.

Sentrale oppgåver:

  • Representera vegeigar og utøva forvaltningsansvar for alle kommunale vegar og parkeringsanlegg
  • Parkeringsmynde, personalansvar for parkeringsbetjent
  • Vegmynde for kommunale vegar etter veglova
  • Uttale til reguleringsplanar og  utbyggingsplanar
  • Utarbeida trafikksikringsplanar og vera pådrvivar for trafikksikringsarbeid
  • Sakshandsaming etter veglova og gjeldande regelverk elles
  • Ta del i utarbeiding av drifts- og investeringsbudsjett for veg og parkeringsanlegg
  • Økonomioppfølging og rapportering til einingsleiar
  • Forvaltningsansvar for kommunale veglys
  • Ansvar for mindre prosjekt
  • Vera pådrivar for HMT

Stord kommunal teknikk ynskjer å tilsette folk som:

  • Har høgskule/universitets-utdanning innan kommunaltekniske fag, eller anna relevant utdanning og erfaring
  • Kan arbeida og avklara arbeidsoppgåver sjølvstendig
  • Vektlegg å få til eit godt og trygt arbeidsmiljø
  • Er kostnadsbeviss og ynskjer å stå på for arbeidsplassen sin
  • Er faglig flinke, evnar å utvikla seg innan arbeidet sitt og er nytenkjande
  • Er resultatorientert
  • Har røynsle med IKT verkty og ser potensiale i desse
  • Har førarkort for bil

Me kan tilby:

  • Varierande arbeidsoppgåver
  • Ryddig arbeidstid
  • Eit godt og uformelt arbeidsmljø der HMT vert vektlagt
  • Høve for personleg vekst og utvikling i arbeidet
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt

Løn og arbeidsvilkår etter avtale. Ved tilsetjing vert personelege eigenskapar vektlagt. Nyutdanna vert oppmoda om å søkja.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

For nærare opplysningar, kontakt konstituert einingsleiar Arnstein Hetlesæter tlf. 975 52 062

Søknadsfrist: 19.12.21

Søk på stilling