Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
01. februar kl. 09:50

Ny nettside

Me har fått ny nettside og jobbar med å fylla sidene med innhald. Ta kontakt om du ikkje finn det du leitar etter.

Les mer clear
A A A

Kunngjeringar

Plan til offentleg ettersyn - Vabakkjen vest

Forvaltningstyret vedtok i møte 07.12.2017 med heimel i plan- og bygningslova § 12-10  å leggja forslag til detaljregulering for gnr/bnr 41/3 m.fl., Vabakkjen Vest ut til offentleg ettersyn.

Offentleg ettersyn - Ny 132 kV kraftleidning Langeland (Tysnes)–Stord.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke konsesjonssøknad frå Haugaland Kraft Nett for ein ny 132 kV kraftleidning frå Langeland transformatorstasjon på Tysnes til Stord transformatorstasjon på Litlabø. Søknaden er no på høyring, med uttalefrist 01.06.2018.

Informasjon frå Statskog om midlar frå Statskog-millionen

Nå er søknadsvinduet åpnet. Det er åpent i hele april. Direkte etterpå velges 70-80 søknader som skal få penger denne gangen. Jury er regionleder i Statskog + fagsjef friluftsliv + kommunikasjonssjef.

Høyring av planprogram og varsel om oppstart av områderegulering for Frugarden gnr. 27 bnr. 1 mfl.

Tiltakshavar Stord kommune, i samarbeid med Statens vegvesen og grunneigar Kjell Håvard Sævareid, melder oppstart av områderegulering for Frugarden i Stord kommune. Planområdet omfattar eigedomen gnr. 27 bnr. 1 mfl.

Påmelding til stand/aktivitet/underhaldning under Folk i sentrum - folkehelsedagane 2018

Laurdag 5. mai kl. 10 - 15 blir den store folkefesten i Leirvik sentrum med aktivitetar og tilbod for liten og stor! Her kan alle som ønskjer å bidra melde seg på. Påmelding innan 4. april.

E39 Stord-Os - tilleggshøyring av planforslag for to nye brualternativ over Bjørnafjorden

Kommunedelplanen med konsekvensutgreiing for E39 Stord – Os låg ute til offentleg ettersyn i tidsrommet 22.11.2016 – 20.01.2017. I etterkant har Statens vegvesen utgreidd to nye alternativ for bru over Bjørnafjorden, og legg difor ut ein avgrensa del av planen, strekninga Gjøvåg-Svegatjørn, på tilleggshøyring. Frist for å sende merknader til brualternativa er 30.april 2018.

Ønskjer tilbod til Den kulturelle skulesekken

Alle barn i Stord kommune skal kvart år få oppleva kunst- og kulturutrykk på eit høgt profesjonelt nivå innan ulike sjangrar slik som t.d. scenekunst, litteratur, visuell kunst, kulturhistorie og liknande. Kunstneriske utøvarar kan levera tilbod innan 15. april til Den kulturelle skulesekken for neste skuleår ved å nytta følgjande skjema: Tilbod til Den kulturelle skulesekken

Stord kommune vil at fleire skal ta imot digital post

9225 innbyggjarane i Stord kommune har endå ikkje teke i bruk digital postkasse. No startar kommunen ein kampanje for å få fleire til å ta imot digital post frå kommunen.

Stipend frå Reinert Agdesteins minnefond

Søknad om stipend skal sendast til styret i fondet gjennom Stord kulturtenester, og fristen for å søkja er 1. april. 

Innrapportering omsett alkohol

Her kan du rapportera inn omsett alkohol for verksemda di.

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd i 1991 eller seinare

Unge kvinner er tilrådd vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Vaksinen kan førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft.

Kommunale vigslar frå 2018

Stortinget har no vedteke at vigselsmynde skal overførast frå tingretten til kommunane.