Barnehagen gjev tilbod til 40 - 45 born fordelt på tre avdelingar.

Avdelingane finn du til høgre.

Søk plass her

Om barnehagen

  • Opningstid er måndag til fredag 06.30 - 16.15.
  • Me held stengt 4 veker i juli, veke 27.28. 29 og 30. Det er mogleg for dei  borna som treng det å vere i "Sommarbarnehagen" i veke 27 og 28. Det er ein av dei kommunale barnehagane som har eit tilbod dei to vekene

Fleirkulturell barnehage

Furuly barnehage er ein fleirkulturell barnehage. Det vil seia at barnehagen har born og vaksne med forskjellig språkleg, religiøs og kulturell bakgrunn og med ulik norskkompetanse.

Mål

Leggja tilrette for at borna gjennom dei sterke sidene sine får styrkja evna til å møta utfordringar fagleg og sosialt. Utvikla eit fysisk og psykisk læringsmiljø med fokus på språkleg og sosial utvikling. Arbeida med prosjekt og tradisjonar som borna viser interesse for.

Miljøet 

Furuly barnehage ligg i eit flott skogsområde med tilgang på turar både til sjø og fjell. Det tek 5 minutter å gå frå barnehagen til Hystad skule og til Stord sjukehus. Barnehagen har eit stort uteområde med variert terreng med ballbane, klatrestativ m.m.. Barnegruppene har faste turdagar kvar veke.

Visjon og verdiar

Visjonen vår er "glade og trygge born som har tru på seg sjølv og omtanke for andre"

I barndomen vert grunnlaget lagt for vidare utvikling og vekst. Vår oppgåve er, saman med føresette, å skapa ei best mogeleg utvikling for borna.

Verdiane våre er å vera:

  • Demokratiske
  • Likeverdige
  • Kompetente
  • Glade

Barnehageruta

Her kan du lasta ned barnehageruta for kummunale barnehagar

Logg inn for å sjå bilete