Søknad om generelt driftstilskot (kulturmidlar)

Tilskotet skal gje midlar til foreininga/laget si ordinære drift. Ved vurderinga vert det lagt vekt på medlemstal, talet på medlemer under 19 år, aktivitet, eigeninnsats og kapitalbehov.

  • tilskot til song- og musikklag
  • tilskot til idrettsorganisasjonar
  • tilskot til allmenne kulturorganisasjonar
  • tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar

Søknaden skal skrivast på eige skjema for den aktuelle søknadsgruppa og ha følgjande vedlegg:

  • Medlemsliste
  • Revidert rekneskap for siste år
  • Årsmelding

Eininga Kulturtenester administrerar ordninga. Musikkrådet og Idrettsrådet gjev innstilling til fordeling av midlane overfor Komité for næring miljø og kultur som tek endeleg avgjer.

Det vert stilt følgjande krav for at ein organisasjon generelt skal ha rett til tilskot:

Organisasjonen skal ha minst 10 medlemer/deltakarar. Det kan dispenserast for kravet om 10 medlemer der særlege tilhøve tilseier det

Det er ein føresetnad for å få stønad at tiltaka er opne.

Det vert ikkje gjeve tilskot til turar, studiereiser, reiser til særlege arrangement osb.

Alle underavdelingar i foreiningar/lag skal fremja sine søknader gjennom hovudstyret, dersom slikt finnest i kommunen
Kommunen (eining for kulturtenester) har til ei kvar tid rett til å undersøkja om grunnlaget for tilskot er til stades, og korleis tildelte midlar vert brukte.
Lag og foreiningar som tek imot tilskot, må godta ordninga med følgjeprov som gjeld i kommunen.

For alle typar tilskot vert det teke atterhald om at det er sett av midlar på budsjettet.

Søknadsfrist 1. april. Tildeling: Innan utgangen av juni.

Her finn du søknadskjema for generelt driftstilskot (kulturmidlar).

Prisar og stipend

Stord kommune tildeler kvart år ut kulturstipendet og ulike prisar til personar eller lag med tilknyting og forankring i Stord kommune. Frist er 15. september. Les meir om kulturstipendet og prisane ved å klikka på lenkene til venstre eller under.

Stord kommune sin målpris

Målprisen skal delast ut til den butikk/verksemd som merkjer seg ut med god nynorsk i staden for bokmål og engelsk.

Prisen vert delt ut samstundes som kulturpris og kulturstipend ved Stord musikklag sin årlege nyttårskonsert i januar.

Komiteen for næring, miljø og kultur nemner opp ei målprisnemnd med to representantar frå Stord mållag og to representantar for komiteen. Målprisnemnda vert oppnemnd for ein valbolk. Kulturtenester er sekretær for nemnda.

Målprisnemnda syt for å få inn framlegg til kandidatar og innstiller til komiteen for næring, miljø og kultur som gjer vedtak.

Frist for å føreslå kandidat er 15. september.

Stord kommune sin eldsjelpris

Eldsjelprisen er oppretta for å stimulera til frivillig arbeid i Stord kommune. Prisen vert delt ut samstundes som kulturpris og kulturstipend ved ei tilskiping i november.

Kven kan få eldsjelprisen?

Prisen kan gjevast til ein person eller eit lag/ein organisasjon for langvarig og tru teneste eller for nyskaping innanfor frivillig arbeid i Stordsamfunnet. Prisen er eit kunstverk og ei skriftleg grunngjeving for tildelinga.

Forslag og tildeling

Komiteen for næring, miljø og kultur kunngjer fristen for innmelding av kandidatar i lokalpressa. Frist for å føreslå kandidat er 15. august. Komiteen for næring, miljø og kultur tildeler prisen etter framlegg frå ei nemnd samansett av 2 representantar frå Frivilligsentralen, 1 frå Idrettsrådet ,1 frå Musikkrådet og 1 frå komiteen. Kulturtenester er sekretær for nemnda.

Seniorprisen

Seniorprisen vert delt ut til ein person eller ei gruppe med seniorar med tilknyting til og forankring i Stord kommune. Prisen vert gjeven som ei påskjøning i høve det eldre bidreg til i samfunnet.

Utdelinga vert gjort kjent i lokalpressa, og det er høve til å koma med skriftlege framlegg til Eldrerådet. Frist for å føreslå kandidat er 15. august.

Prisen er eit kunstverk eller anna høvande, og ei skriftleg grunngjeving for tildelinga.

Eldrerådet gjer vedtak om kven som får prisen, som vert delt ut på Eldredagen.

Pris for god tilgjenge

Rådet for funksjonshemma (RFF) kan kvart år dela ut ein pris for god tilgjenge. RFF fattar vedtak om kven som får prisen, etter framlegg til kandidatar. Utdelinga skal gjerast kjent i lokalpressa.

Frist for å koma med framlegg til kandidatar er 15. september og vert annonsert på denne nettstaden og i bladet Sunnhordland.

Eit likeverdig samfunn

Me har som mål å gjera Stord til eit samfunn med likeverd, deltaking og valfridom for alle. For den som har nedsett syn eller høyrsel, er astmatikar, går med krykkjer for ein kort periode eller sit i rullestol, er det ikkje likegyldig korleis samfunnet er utforma.

Me deler ut ein pris til den butikken, banken, serveringsstaden, kulturinstitusjonen, hotellet, organisasjonen eller andre som har planlagt og gjort ein innsats for å skapa eit samfunn for alle.

Regjeringa sin handlingsplan seier at Noreg skal vera universelt utforma innan 2025. Det skal gjennomførast ei rekkje tiltak innan følgjande fire prioriterte innsatsområde:

  • uteområde/planlegging
  • bygningar
  • transport 
  • IKT

Les om universell utforming i Stord kommune.

Framlegg til kandidatar

Det skal nyttast eit felles skjema for framlegg til kandidatar til eldsjelprisen, målprisen, seniorprisen og pris for god tilgjenge.

Her finn du skjemaet som gjeld desse prisane.