Varmtvassbaseng

Bassenget i Stord kommunale rehabiliteringssenter var ferdig til bruk i 1999. Det er 12 m x 15 m stort og har ei djupne frå 0,70 m til 1,50 m. Bassenget har eigen garderobe for funksjonshemma, med heis frå garderobe til basseng og rullestolgang ut i bassenget. Vasstemperaturen er 34C.

Stord kommune er eigar av bassenget. Leiar av "Eining for aktivitet og re/habilitering" er ansvarleg for dagleg drift, utleige og at ein følgjer internforskriftene. Leiar for "Bygg- og eigedom" er ansvarleg for teknisk drift.

Utleige av varmtvassbassenget

Det er ikkje offentleg bading i perioden 1. mai til 2. september.

I perioden 16. juni til 21. august 2017 er bassenget stengt

Timepris for leige av varmtvassbassenget er:
kr. 540, - i vekedagar
kr. 640,- laurdagar

Ynskjer du å leiga time, ta kontakt med Silje Almås 53 49 67 05 (måndag, tysdag og torsdag)

Send e-post

Du må bruka google crome som nettlesar for å sjå kalenderen.

 

Opningstider og prisar for varmtvassbassenget

I perioden 16. juni til 21. august 2017 er bassenget stengt

I perioden 1. september til 1. mai er det offentleg bading i Stord kommunale rehabiliteringssenter til følgjande tider:  

Fredag og laurdag

16.00-17.00 (familiar)

17.00-18.00 (familiar)

18.00-19.00 (familiar)

Prisar:

Vaksne kr 100,-

Born kr 50,-

Familiar kr. 200,- (maks 2 vaksne og 2 barn eller 1 vaksen og 3 barn) Utover 4 betaler ein for den einskilde.

Du kan betala med kort eller kontant.

Maks 25 personar i bassenget kvar time.