Hustrudalen

Basseng - utleige hos rektor ved Nysæter ungdomsskule tlf 53 40 97 50
Ballbinge
Delanlegg friidrett, sprint og lengde
Kunstgrasbane fotball, liten og stor
Klubbhus - utleige hos Solidhuset

For å leiga fotballbanane søkjer du på søknadsskjema nedanfor.

Hystad skule

Ballplass kunstgras

For å leiga fotballbanane søkjer du på søknadsskjema nedanfor.

Langeland skule

Ballplass kunstgras

For å leiga fotballbanane søkjer du på søknadsskjema nedanfor.

Nordbygdo ungdomsskule

Ballplass kunstgras

For å leiga fotballbanane søkjer du på søknadsskjema nedanfor.

Prestagardsskogen

Prestagardsskogen Idrettspark ligg i Vestlivegen, like ved Nordbygdo ungdomsskule.

Her er:

  • Naturgrasbane for fotball
  • Stor kunstgrasbane og kunstgrasbane for 7´ar fotball
  • Aktivitetsbane for handball og fotball
  • Delanlegg for friidrett (løpebane og lengdegrop)
  • Nærmiljøanlegg med sandvolleyballbane, Tarzanjungel, turnbasseng, aktivitetsanlegg og skateboardbane
  • Turløype/helsesportløype med lys - lengde 1,4 km
  • Pistolbane - denne vert driven av Stord Pistolklubb
  • Fleirbrukshall med full handballbane som kan delast inn i tre salar, komplett utstyrt for mellom anna volleyball og basketball

For å leiga fotballbanane søkjer du på søknadsskjema nedanfor.

Tjødnalio skule

Ballplass grus (Nesbanen) Sætravikvegen.

For å leiga fotballbanane søkjer du på søknadsskjema nedanfor.

Vikahaugane

Vikahaugane Stord Idrettspark ligg ved Stord ungdomsskule og er det største anlegget mellom Stavanger og Bergen.

Her vert det årleg arrangert ei rekkje idrettsarrangement, mellom anna landskampar, norgesmeisterskap, turneringar, treningsleirar, konferansar, kurs og ulike messer.

Stord kommune står for den daglege drifta av anlegget. På ettermiddagstid og i helger er det Stord Idrettslag som leiger anlegget.

Fasilitetane me har å tilby:

Gamlehallen

Gamlehallen blei bygd allereie i 1964, og er den eldste hallen på anlegget. Den er ein fin handballbane med forholdsvis nytt parkettgolv. Her er lagt til rette for 4 volleyball- og basketballbanar, i tillegg til kampbanar. Det er 4 garderobar som er knytta til denne hallen, og tribuneplass til 800 personar.

Nyehallen

Nyehallen blei bygd i 1995, og er "storstova" til Stord. Her finn du også administrasjonen, undervisningsrom og kafé. Det er plass til 2000 tilskodarar på tribunen, og det er her elitekampane til Stord Handball blei arrangert. Dei siste åra har det også vore landskampar i bordtennis, handball og karate. Hallen er tilpassa akustisk for kor og konsertar og er også mykje nytta til større festar, messer og andre arrangement. Det er også tilrettelagt for TV-overføring.

Friidrettsbanen

I nyehallen. Har 60 meters løpebane og lengdegrop. Golvet er av type pulastic SP, og er godkjent for bruka av piggsko.

Turnhallen

Ligg i forlenging av nyehallen og har frittståande matte 12x12 og turngrop.

Rackethallen

Har ein tennisbane, bordtennis og badmintonbanar, i tillegg til at også denne dekkjer krava til banestorleik for handball. Her er også eige garderobeanlegg.

Klatreveggen

Er 110 kvm og ligg inne i nyehallen. Den vert administrert av Stord Tinde og Klatre Klubb. Sjå opningstider m.v. på STOKK

Styrkerommet

Har ein del frie vekter, og er tilgjengeleg for godkjente brukarar av anlegget.

Bordtennishall

Tidlegare basseng, ombygd til spesialhall for bordtennis

Skeisebanen

250 meters kunstfrosen rundløpsbane. Heile flata er frosen, så her er også fint for ishockey eller anna leik og aktivitetar. Kjernetid for is er i perioden november til mars.

Vinterhalvåret: måndag, onsdag og fredag klokka 16.00 - 19.00
Laurdag klokka 12.00 - 18.00 • Søndag klokka 12.00 - 19.00

Sandvolleyballbane

Nærmiljøanlegg som er ope sommarhalvåret. Den ligg på baksida av nyehallen, og er fritt tilgjengeleg for alle.

Turløyper og lysløype

I Landåsen er det 4 merka tur- og trimløyper og tilsaman 29 km skogsveg. Det er også ei 3,7 km lang lysløype med tre trimstasjoner.

Amfi, Kurs- og konferanseavdelinga

Plass til ca 80 personar i amfi og grupper rundt 30-40 i klasserom- eller hesteskooppsett. Her er video, dvd, og tilrettelagt for pc som er knyta til videokanon.

Opningstider

Kvardagar klokka 08.00 - 15.00 utleige til skulane
Kvardagar klokka 15.00 - 22.00 utleigd til Stord Idrettslag
Lørdag og søndag etter avtale og booking gjennom Stord Idrettslag

For å leiga fotballbanane søkjer du på søknadsskjema nedanfor.