Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vatn og avlaup

Tysevatnet er Stord kommune si vasskjelde. Stord kommune leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadene og bygga som er knytte til nettet. I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande. Kommunen skal varsle forbrukarane om planlagde driftsavbrot og forhold som påverkar drikkevasskvaliteten, til dømes spyling av leidningsnettet. Innbyggjarar vert varsla på sms og annonsar i pressa og her på nettsida. Kommunen kan gje restriksjonar for å bruke vatn når det er vassmangel. Dersom naudssituasjonar gjer det nødvendig å gjere unntak frå krava til kvalitet, vil du bli informert om situasjonen og om kor lenge den mellombelse vassforsyninga vil vare.
Tysevatnet

Aktuelt

Vegstengning.

Vegstenging Øklandslio

Grunna arbeid med oppgradering av veg og VA i Øklandsvegen, må vegen stengast for all trafikk frå torsdag 4. april.
Område på hagalio som vert råka av arbeidet.

VA-prosjekt Hagalio

Stord kommune startar i veke 40 arbeidet med sanering av eksisterande vatn- og avlaupsnett i området Øklandslio, Hagalio og Hagastølen.