Om skulen

Velkomen til Rommetveit skule. Her går det 235 elevar fordelt på 1. til 7. trinn. Skulen var tidlegare statleg driven øvingsskule for Høgskulen, men Rommetveit skule er no vanleg kommunal skule. Me er praksisskule og set stor pris på samarbeidet med både studentar og lærarar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Nokre av våre satsingsområde no er lesing og digitale ferdigheiter.

2. trinn er med i "Two Teachers prosjektet" i regi av Lesesenteret ved UiS. 

4. trinn er med i Stord kommune sitt pilotprosjekt med chromebook til kvar elev. 

I tillegg har 5. trinn eit spennande samarbeid med HVL i "DiSko" prosjektet. Dette er eit forsknings- og utviklingsprosjekt om skulekonsertar.

Rommetveit skule og SFO er med i skuleutviklingsprogrammet RESPEKT, som har som mål å skape godt læringsmiljø. 

Rommetveit SFO skal gi borna tilsyn og omsorg, læring gjennom leik, allisidige aktivitetar og sosial utvikling i samspel med andre born, personale, føresette og nærmiljø. SFO samarbeider med Stord kulturskule, og borna får tilbod innan musikk og kunst ein dag i veka.  I Rommetveit SFO har me og studentar frå HVL og vidaregåande skule (idrett), samt elevar som treng arbeidspraksis.

Organisering av skuledagen

 

08:00 - 08:15:         Skulen opnar. Vakthald.

08:15 – 09:45:         1.økt.

                                      08.15-09.00 1.time

                                      09.00-10.10 2.time

09:45 – 10:10:         Friminutt

10:10 – 11:40:         2.økt

                                      10.10-10.55  3.time

                                      10.55-11.40  4.time

11:40 – 12:20:         Midttime / lunsjpause

12:20 – 13:50:         3.økt

                                      12.20-13.05 5.time

                                      13.05-13.50 6.time

Skuledagen sluttar

 

1.-2.trinn

3.-4.trinn

5.-7.trinn.

Måndag

13.50

13.50

13.50

Tysdag

11.40

11.40

11.40

Onsdag

13.05

13.35

13.50

Torsdag

13.50

13.50

13.50

Fredag

11.40

11.40

13.50