Folkehelsearbeid er samfunnet sin innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjer befolkningen sin helse og trivsel, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som beskytter mot helsetruslar, samt arbeid for ein jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverker helsa.

Velg emne i kategorien folkehelse:

Skadedyr

Dersom du har skadedyr i hus og bygningar kan du kontakta Mattilsynet. Gjeld det skadedyr som kan påverka folk si helse som til dømes; hovudlus, flått og liknande det kommunelegen som kan gje råd og rettleiing.

Mattilsynet i Sunnhordland

Distriktskontoret for Sunnhordland
Torget 10
5417 Stord

Telefon 53 45 42 00

www.mattilsynet.no

Kommunelege

Tlf. 53 49 66 30
E-post: lars.helge.sorheim@stord.kommune.no 

Les meir om skadedyr på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Smittevern

Stord kommune har eigen smittevernlege som kan kontaktast når det gjeld vurdering av smittsame sjukdommar, vurdering av helsefarlege utslepp, næringsmiddelborne infeksjonar eller miljøhygieniske ulemper.

Helsestasjonane

Helsestasjonane på Leirvik og i Sagvåg har følgjande tilbod når det gjeld smittevern og førebygging av sjukdom:

  • Tuberkulosekontroll. Ring for time, prøven er gratis
  • Vaksinasjon mot influensa og lungebetennelse. Kvar haust. Tilbodet vert annonsert på denne nettstaden og i bladet Sunnhordland
  • Informasjon og rådgjeving om smittsame sjukdomar
  • Reisevaksinasjon
  • Mantoux-prøvar i samband med nytilsetting innan helse- og barneomsorg etter gjeldande reglar
  • Kontroll av utanlandske statsborgarar som skal opphalda seg meir enn 3 månader i Noreg
  • BCG vaksinasjon

Informasjon og rådgjeving om smittsamme sjukdomar kan du også få hos fastlegen din, helsesøster eller ved Helsestasjon for ungdom.

Informasjon om seksuelt overførbare sjukdommar

Kontakt fastlegen din. Dei som er i aldersgruppa 13 - 19 år kan kontakta Helsestasjon for ungdom

Vaksinasjonsprogram

Stord kommune følgjer det nasjonalt tilrådde vaksinasjonsprogrammet knytt til barnevaksinasjon, reisevaksinasjon og vaksinasjon av personar som treng ekstra vern mot smitte.

Les meir om vaksinasjon her

Folkehelsekoordinator

Folkehelsekoordinator Tove Vikanes Agdestein er tilsett i Utviklingsgruppa i 60% stilling.

Folkehelsekoordinator er pådrivar og koordinator for kommunen sitt folkehelsearbeid. Ei sentral oppgåve er å fremje folkehelseperspektivet i plan- og utviklingsarbeid, og å gi faglege råd i saker som har innverknad på folkehelsa.

Folkehelsekoordinator samarbeider med offentlege tenester, frivillige lag/organisasjonar og privat næringsliv om gjennomføring av helsefremjande tiltak.

Folkehelseråd

Administrativt samrådingsforum som møtes 4 ganger årleg.

Folkehelserådet har rådgjevande funksjon for kommunen sitt folkehelsearbeid, med rutine for vidaresending av referat til strategisk leiing og politikarane.

Desse er med i folkehelserådet:

  • Rådmann
  • Førebyggjande tenester 
  • Einingsleiar regulering, byggesak og oppmåling 
  • Kommuneoverlege 
  • Samfunnsplanleggar 
  • Kulturkonsulent 
  • Rådgjevar idrett og friluftsliv 
  • Rådgjevar skule 
  • Rådgjevar barnehage 
  • SLT-koordinator 
  • Einingsleiar barnevern 
  • Einingsleiar NAV 
  • Folkehelsekoordinator

Folkehelseforum

Folkehelseforum er eit form for folkemøte med folkehelse som tema som blir arrangert 2 ganger årleg.

Forumet skal femna vidt og vere ein ide-dugnad og arena for innbyggjarmeverknad.

Folkehelserådet avgjer tema utifrå kva som rører seg i lokalsamfunnet.

Du som innbyggjarane kan kome med innspel til tema du ynskjer drøfta i folkehelseforum.