Kva er BTI?

BTIBedre Tverrfaglig Innsats (BTI) er ein samarbeidsmodell som skal sikra koordinert innsats frå fagområda overfor barn og unge som det oppstår uro for. Innsatsen kan rettast mot barnet/den unge og familiane deira og kan utførast av barnehage/skule, helsestasjon, barnevern og eventuelle andre fagområde som arbeider med barn.

Kvifor BTI?

Tidleg innsats overfor barn og unge som har ekstra trong for hjelp og støtte, er heilt avgjerande for deira vidare utvikling.

Foreldrerolla i BTI?

BTI har som føresetnad at føresette skal involverast i innsatsen rundt barnet heilt frå uro oppstår. Når foreldre gir samtykke kan andre fagområde i kommunen involverast i arbeidet retta mot barnet og familien. Det er i tillegg utarbeidd skjema for samtykke frå føresette til å oppretta stafettlogg der alle tiltak skal omtalast, tydeleggjera ansvarsfordeling m.m.

 

Handlingsrettleiar

Samarbeidsmodell

Samarbeidsmodellen

Tiltak

Alle som arbeider med barn og unge må ha kunnskap som gjer dei i stand til å forstå barnet og kunna leggja til rette for ei positiv utvikling hjå barnet.I tillegg må dei kjenna til innsatsmuligheiter i dei andre tenestene. Det er bakgrunnen for at SIB og SOFT har utarbeidd ein oversikt som syner kva dei kan bidra med i forhold til barn eller familiar det er knyta uro til.

Skjema og lenker

Der er utarbeidd mange verktøy til bruk for BTI-arbeidet. Ein del av verktøya skal gjera det enklare for tilsette å forstå barnet, medan andre verktøy skal bidra til ei god og målretta samhandling for dei ulike fagområda til beste for barnet og familien. Desse finn du her: