Tildelingskontoret og Eining for habilitering har samarbeida om å utarbeida informasjon til føresette til barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune.

Vel aldersgruppe:

0-6 år

Fastlegen

Alle barn har rett på fastlege og det er fastlegen som skal koordinere medisinsk utgreiing og oppfølgjing. Samarbeid med spesialisthelsetjenesta. Gratis for barn under 16 år. Finn din fastlege.

Helsestasjonen

Helsestasjonen føl opp alle barn frå fødsel. Samarbeid om habilitering av born som har særlege behov. 

PPT

PPT utgreier om barnet treng spesialpedagogisk hjelp i førskulealder eller til skulestart.  PPt for Stord og Fitjar har telefon 53496940. Utgreier om barnet treng spesialpedagogisk hjelp i førskulealder.

NAV

www.NAV.no. Informasjon og søknadsskjema finnes på nett. Ein kan møta opp og få råd og rettleiing på NAV-kontoret( Grunn- og hjelpestønad, høgna hjelpestønad , pleiepengar, opplæringspengar og hjelpemiddel )

Barnehageplass

Søk om barnehageplass. Du kan ogsøkje om nedsett foreldrebetaling og gratis kjernetid ved låg inntekt.

Fellestenester

Fellestenester yt teneste / sakshandsaming:

Søknad om ledsagerbevis

Eining for habilitering

Eining for habilitering har ansvar for å driva dagtilbod for utviklingshemma, bufellesskap, avlastingstilbod og omsorgsløn. Dei yt tenester etter vedtak. Søknad til Tildelingskontoret

Eining for aktivitet og re/habilitering

Hjelpemiddel og fysioterapi for barn, samt varmvasstrening. Adr.: Lønningsåsen 9, tlf 53 49 66 88

Heimebaserte tenester

Heimebaserte tenester yt tenester til funksjonshemma barn og deira familiar etter vedtak . Søknad til Tildelingskontoret.

Tilrettelegging av bustad

www.husbanken.no. Råd frå ergoterapeut i kommunen og frå arkitekt. Bustadtilskot frå husbanken. Bustadkonsulenten på tildelingskontoret kan gi råd.

Sjukemelding og eigenmelding

OBS! særlege reglar for sjukemelding og eigenmelding for foreldre til kronisk sjuke barn og funksjonshemma barn; Omsorgspengar til barnet er 18 år. www.nav.no

Utsett skulestart

Sjå retningsliner for utsett skulestart Stord kommune nedanfor.

Tolk

Her kan du bestilla tolk.

Tildelingskontoret

Tildelingskontoret yt fylgjande tenester / sakshandsaming:

6-16 år

  • Skulehelsetenesta er på alle skulane i kommunen.Sjå oversikt over skular.
  • PPT kan lage sakkunnig vurdering jamf.: §5-1 i Opplæringslova. Samarbeid med skule og føresette.
  • Individuell opplæringsplan (IOP).
  • Spesialundervising i grunnskulen. Søknad vert handsama i Fagavdeling for oppvekst og utdanning.
  • SFO ( Skulefritidsordning) Ein søkjer til den skulen ein soknar til. Barn med særskilte behov kan delta til og med 7.trinn.
  • Skuleskyss. Søknad skjema: http://www.hordaland.no/skoleskyss. Utviklingsgruppa og skulen kan gi meir informasjon.
  • Søknad til vidaregåande. PPT og skulen samarbeider med heimen om å søkje om spesialundervising og / eller søknad til spesielle tilbod på skulen.
  • Søknad om ledsagerbevis vert handsama i Fellestenester.
  • På Tildelingskontoret får du råd og rettleiing og sakshandsaming i høve til tenester etter Helse- og omsorgstenestelova: Td. Praktisk hjelp, BPA, støttekontakt, avlasting, omsorgsløn.mm. Søknadsskjema finn du her
  • Tolk: Her kan du bestilla tolk.

16-18 år

Forhøya hjelpestønad opphøyrer ved fylte 18 år.

Fritid

Eining for kulturtenester telefon 53 49 69 50

Onsdagsklubben
Mandagsklubben
Harri fritidsklubb
Litlabø fritidsklubb
Lag og organisasjonar i StordFritidskontakt / Støttekontakt.

Nyttige nettsider

www.familienettet.no
www.helfo.no
www.nav.no
www.frambu.no