Kvinner fødd i 1991-1996 får tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet gjeld også for kvinner som er fødd i 1997 eller seinare, dersom dei av ulike grunnar ikkje har fått HPV vaksine i grunnskulen.

Unge kvinner er tilrådd vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Vaksinen kan førebyggje livmorhalskreft og førestadium til livmorhalskreft.

Kvinner fødd i 1991-1996 får tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet gjeld også for kvinner som er fødd i 1997 eller seinare, dersom dei av ulike grunnar ikkje har fått HPV vaksine i grunnskulen.

Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser, og må startast innan utgangen av 2018 og avsluttast innan 1. juli 2019. Det skal vere minimum 1 mnd. mellom 1. og 2. dose og minimum 5 mnd. mellom 2. og 3. dose. Alle doser tel med, sjølv om det har gått lang tid mellom dosane. Om ein t.d. har fått 1. dose i november 2016, kan ein halde fram med 2. dose i 2018.

Følgjande tilbod gjeld for både 1., 2. og 3. dose ved Stord helsestasjon (Myro):

  • Torsdag 8. mars kl. 14.00-15.00
  • Torsdag 22. mars kl. 14.00-15.00
  • Torsdag 5. april kl. 14.00-15.00
  • Torsdag 19. april kl. 14.00-15.00
  • Torsdag 3. mai kl. 14.00-15.00

Det vil bli lagt ut fleire datoar for vaksinasjon utover våren.

For meir informasjon om HPV og HPV-vaksine:

Folkehelseinstituttets nettside: www.fhi.no/hpv-vaksine