Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) for Stord og Fitjar

Stord kommune er i gang med fleire spennande utvikingsarbeid, som:

  • Inkluderande barnehage og skule
  • Språkkommune
  • Betre tverrfagleg innsats (BTI)
  • Nettverksarbeid mellom skular m.m.

Pedagogisk-psykologisk rådgjevar (ID 1366)

Det er ledig 100 % vikariat frå snarast fram til 30.06.19 – med moglegheit for fast tilsetjing.

Me treng fagperson med:

  • Master i spesialpedagogikk eller anna relevant fagområde

  • Kjennskap til og/eller interesse for utviklingsarbeid i skulen

  • Interesse for, og fokus på elevar med særlege behov

  • Test/utgreiingskompetanse i samband med sakkunnearbeid (§ 19-a/5-1)

Me ynskjer deg som er:

  • Engasjert og personleg eigna

  • Systematisk og sjølvstendig

  • Jobbar godt saman med andre

  • God når det gjeld munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Påliteleg

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.  Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Spørsmål om stillingane kan rettast til einingsleiar Birthe Blokhus tlf. 92064415, eller pedagogisk-psykologisk rådgjevar Ingrid Helen Mjelde, tlf. 90800109.

Søknadsfrist:  02.03.18

Søk på stilling