Fylgjande risikogrupper får tilbod om vaksine ved Førebyggjande helsetenester:

  • Personar over 65 år
  • Bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
  • Vaksne og born med
    - kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    - kronisk hjarte/kar sjukdom, spesielt personar med alvorleg hjartesvikt
    - sjukdom som gjev nedsett infeksjonsmotstand
    - diabetes type 1 og 2
    - kronisk nyre- eller leversvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    - annan alvorleg og/ eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
    - svært alvorleg fedme, dvs. BMI over 40 ( BMI = kg/m2)
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko kan vurderast

Ope for vaksinasjon v/Stord helsestasjon, Helsesenteret i Myro:

  • Torsdag 24. oktober kl 08.30 - 15.00
  • Fredag 25. oktober kl 08.30 - 15.00
  • Torsdag 31. oktober kl 08.30 - 15.00
  • Torsdag 7. november kl 08.30 - 11.30
  • Fredag 8. november kl 08.30 - 11.30
  • Torsdag 14. november kl 08.30 - 11.30
  • Fredag 22. november kl 08.30 - 11.30
  • Torsdag 28. november kl 08.30 - 11.30

Ope for vaksinasjon v/Sagvåg helsestasjon, Blåbygget:

  • Fredag 25. oktober kl 08.30 - 15.00

For vaksinasjon på andre tidspunkt, kontakt fastlege.

Pris

Influensavaksine kr. 200,-

Pneumokokkvaksine kr. 500,-

Nærare informasjon får de ved å kontakte Førebyggjande helsetenester v/leiande helsesjukepleiar Sigrun Helland, tlf. 53 49 69 85 / 957 76 434.

Sjå elles informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet www.fhi.no