Følgjande risikogrupper får tilbod om influensavaksine:

  • Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Bebuarar i omsorgs-, alders- og sjukeheim
  • Personar over 65 år
  • Vaksne og born med
    - diabetes type 1 og 2
    - kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    - kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    - nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
    - svært alvorleg fedme, dvs. KMI over 40 ( KMI = kg/m2)
    - annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

Stad

«Nyehallen» på Vikahaugane

Tidspunkt

For å unngå at for mange kjem samstundes, vert det frammøtetid etter kva månad ein er fødd i, med 3 alternative tidspunkt:

Fødselsmånad Alternative tidspunkt for frammøte  
  Torsdag 22. oktober Fredag 23. oktober
Januar og februar kl. 08.30 eller 14.30  kl. 08.30
Mars og april kl. 09.30 eller 15.30 kl. 09.30
Mai og juni kl. 10.30 eller 16.30  kl. 10.30
juli og august kl. 11.30 eller 17.30  kl. 11.30
September og oktober kl. 12.30 eller 18.30  kl. 12.30
November og desember kl. 13.30 eller 19.30  kl. 13.30

Pris

Influensavaksine kr. 150,-

Pneumokokkvaksine kr. 500,-

Betaling

Me ser helst at det vert nytta betalingskort. Dersom berre kontant betaling er mogleg, ber me om at det vert betalt nøyaktig beløp (veksel kan bli vanskeleg).  

 

Nærare informasjon får de ved å kontakte Førebyggjande helsetenester v/helsesjukepleiar Sigrun Helland, tlf. 53 49 67 53 / 957 76 434.

Sjå elles informasjon på heimesida til Folkehelseinstituttet www.fhi.no