Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
02. april kl. 13:53

Informasjon kring koronaviruset

Les meir clear
A A A

Informasjon kring koronaviruset

I Stord kommune gjer me det me greier av tiltak for å redusera smitta mellom folk. Situasjonen krev omfattande tiltak som gjev store endringar i kvardagen vår. Det er likevel viktig at dette ikkje fører til unødig frykt og panikk. Dei fleste skal kunna koma gjennom dette på ein grei måte. 

Du finn informasjon og konkrete råd om koronaviruset på www.fhi.no og helsenorge.no, du kan og ringa informasjonstelefonen på 815 55 015 som har ope kvardagar 08.00 - 18.00 og helgar 10.00 - 16.00.

Folk med akutt luftvegsinfeksjon må venda seg til fastlege eller legevakt som rådfører seg med kommunal koronasentral på telefon 53 49 66 66 som har ope kvardagar  08 - 15.30

Kontaktinformasjon

  • Sunnhordland Interkommunale legevakt : 116 117
  • Kommunal koronatelefon: 53 49 66 66 (endra opningstid 08-15.30 alle dagar)
  • Ved akutte hendingar: 113
  • Nasjonal Korona informasjonstelefon: 815 55 015
  • Stord kommune sentralbord: 53 49 66 00
  • NAV Stord: 55 55 33 33
  • Stord Sjukeheim: 53 45 45 00
  • Knutsaåsen omsorgssenter: 53 45 43 34
  • Stord hamnestell: 53 49 67 66
  • IDA (interkommunal døgnavdeling): 53 23 30 70
  • Skular og barnehagar - via e-post til rektor/styrar. Til oversikt over skular /bhg.
  • Stord kommune epost: post@stord.kommune.no

Ta kontakt med tilsette - til oversikt over einingane våre

Treng du nokon å snakka med i denne tida? 

Ta kontakt med nokon du har tillit til, eller søk hjelp her:

Informasjon til føresette om barnehagane og grunnskulane sitt tilbod utanom ordinær opningstid og/eller på offentlege fridagar påska 2020

Regjeringa og partane i arbeidslivet oppfordrar barnehagar og skular om å halda ope i påsken, også heilagdagane. Dette for å sikra at barna til tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar og sårbare barn og unge får eit tilsyns-/omsorgstilbod.

Tilbodet gjeld for:

  • Barn/elevar av tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar
  • Barn/elevar i sårbare og utsette situasjonar

Stord kommune vil, dersom ein ser at det er behov, leggja til rette for tilbod i barnehage og skule i påsken, også heilagdagane.

Dei kommunale barnehagane ber om at føresette tek kontakt med barnehagen til barna sine ved behov for slikt tilbod snarast og helst innan måndag 6. april klokka 12.00.

Skuleeigar ber om at dei føresette i målgruppa tek kontakt med skulen om kven elevar dette gjeld og kva dagar i perioden 6.-13. april det er behov for innan fredag 3. april kl 14:00. Skuleeigar vil i løpet av fredag ettermiddag vurdera og informera om kva tilsyns-/omsorgstilbod skulane kan tilby.

Kommunen vil om mogleg koordinera tilbodet med barnehagane slik at dei yngste elevane og søsken i barnehage eventuelt kan få tilbod same stad.   

Meir informasjon om dette finn de her:

Utdanningsdirektoratets informasjon om stengde barnehagar og skular

Informasjon til føresette om stenging av barnehagane, skulane og skulefritidsordningane

Stord kommune vedtok 12.03.2020 å stenga alle barnehagane, skulane og skulefritidsordningane (SFO) i 14 dagar. Dette i samråd med Helsedirektoratet sitt vedtak etter smittevernloven § 4-1 andre ledd og regjeringa sine tiltak for å hindre koronaspreiing.

Regjeringa har vedteke at alle landets barnehagar og skular framleis skal vera stengde til og med 13. april. Perioden kan bli forlenga. Skulane skal fortsetja å gje elevane eit opplæringstilbod heime og leggja til rette for opplæring så langt det lar seg gjera.  

Nokre barn har likevel rett på å få tilbodet på skulen, SFO eller i barnehagen.

Barnet har særskild omsorgsbehov

Helsedirektoratets retningsliner for stenging av skule og barnehage gjer unntak for barn og unge med særskilt omsorgsbehov. Desse er det viktig å ta vare på. Den enkelte skule og barnehage gjer derfor konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få dette tilbodet. Moment i denne vurderinga kan vera om dei til dømes har fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av tiltak frå barnevernet eller andre hjelpetiltak. Foreldre/føresette må melda frå til den aktuelle barnehagen/skulen dersom dei meiner at barnet har rett på eit omsorgstilbod.

Barn av foreldre som har samfunnskritiske oppgåver

Barnehagebarn og skuleelevar under 12 år som har foreldre med samfunnskritiske oppgåver og ikkje kan vera heime skal få eit tilbod i sin barnehage og skule. For barn som bur med to føresette gjeld at begge foreldra skal ha samfunnskritiske oppgåver. Barn av skilte foreldre, kor berre den eine av foreldra har samfunnskritisk oppgåve, kan òg ha rett til tilbod. Dette når den som har samfunnskritisk funksjon har omsorga og barnet buande hos seg. Omsorgstilbodet gjeld berre når det ikkje finst andre moglegheiter for barnepass. Arbeidsgjevar må kunna bekrefta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har oppgåve i samfunnskritisk verksemd.

Beredskapslina i kommunen har fullmakt til å avgrensa eller utvida tilboda ovanfor.

Søknadar skal rettast til styrar i barnehagane og rektor ved skulane.

Meir informasjon finn de her:

Utdanningsdirektoratets informasjon om stengde barnehagar og skular
Helsedirektoratets vedtak om møteforbod og stenging av verksemd

Tal testa og smitta

Dato Totalt koronaprøvar tekne Total koronaprøvar positive / smitta
Per 02.04.20 221* 5
Per 01.04.20 218* 5
Per 31.03.20 207* 5
Per 30.03.20 199* 5
Per 29.03.20 186* 4
     
Sum utg. veke 13 186* 4
Sum utg. veke 12 128* 3
Sum utg. veke 11 52* 1
Sum utg. veke 10 5 0

* Koronasentralen tok over testing frå SIL den 18.3. Tal testa vert summert og oppdatert fortløpande når det er klart og kan omfatta nokre frå Bømlo og Fitjar. Tal positive på Covid-19 gjeld berre melde til Stord kommune

Oppdatering 25. mars - nye restriksjonar

Regjeringa vedtok i går tillegg til dei innstrammingane som gjeld:

  • Folk skal halda minst 1m avstand mellom kvarandre ute
  • Folk skal ikkje samlast i større grupper enn 5 personar
    - unnateke familiar og husstandar som høyrer saman i det daglege
  • Innadørs i opne lokale, på arbeidsplassar o.l. skal folk i størst mogleg grad halda 2m avstand mellom kvarandre under arbeid m.m.

Sjå alle tiltaka på regjeringa si side.

Kommunal koronasentral

Nye opningstider frå og med 02.april:
08 - 15.30 kvardagar
09 - 14.00 laurdag og sundag

Opningstider påsken:
09 - 14.00 Helgedagar
08 - 15.30 Påskeafta

 

Det er oppretta ein Koronasentral med tlf. 53 49 66 66

Sentralen skal vera med i arbeidet for å avgrensa luftsmitte med korona frå sjuke mellom folk og særleg i helsetenesta. Fastlegar og legevakt kan visa folk dit ved luftvegssjukdommar som må vurderast i høve koronasmitte. Den er eit tillegg til fastlegekontora der legen meiner det kan vera aktuel med testing og  for å kunna følgja opp folk md påvist smitte. Fastlegar og legevakt skal kontaktast som før ved trong for  legehjelp eller -råd. Det skal nyttast telefon først for å avklara kva tiltak som er aktuelt og korleis problemstillinga kan løysast.

Folk med akutt luftvegsinfeksjon og som ikkje rekk inn til fastlege eller legevakt, kan unntaksvis kontakta kommunal koronasentral på telefon 53 49 66 66. Den er open alla dagar 08-22.

Oppdatert 2.april.2020

Informasjon til verksemder med publikumskontakt

Det er sendt ut brev til alle verksemder med publikumskontakt der me oppmodar dei å setja i verk tiltak som gjer at folk i størst mogleg grad held avstand til kvarandre medan dei er i lokala.

Det vert gjort veldig mykje godt arbeid i samfunnet og næringslivet, og me ser stadig at fleire tek eigne grep for å avgrensa smittespreiing. Like fullt, vert det tydeleg at lokale tiltak kanskje ikkje alltid er nok, og situasjonen krev ytterlegare grep. Det er ikkje noko hyggjeleg å oppleve butikkar som slit, tilsette som vert permitterte og folketome senter og gater. Samstundes registrerar me stadig nye tiltak for å halde butikkar i drift, som heimkøyring av varer og lokal netthandel. Det vert og gitt oppmodingar om å nytta lokal handel når situasjonen roar seg.

Last ned brevet som er gått ut til verksemder med publikumskontaktt i pdf her.

24.03.20

Landbruksproduksjon og tilskot til sjukdomsavløysing

Landbruksproduksjon er ei samfunnskritisk oppgåve, og landbruksdirektoratet har oppdatert informasjon om tilskot til avløysing ved sjukdom.

 Det er fortsett eit krav om sjukemelding, anten i form av digital sjukemelding, sjukemelding på papir eller annan hensiktsmessig vis, for at det skal kunne gjevast tilskot til avløysing av bonden pga. sjukdom. NB! - NAV har no opna for at legar kan sjukmelde pasientar etter telefonkonsultasjon.

Det gis ikkje tilskot til avløysing av jordbrukarar som må ta seg av barn fordi barnehage/skule er stengt.  Om barnet blir sjukt, kan det gis tilskot til avløysing dersom jordbrukaren er med barnet til konsultasjon hos lege eller til behandling eller oppfølging ved helseinstitusjon godkjent av det offentlege, til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år. Om det kan dokumenterast med legeerklæring at barnet har en kronisk eller langvarig sjukdom eller funksjonsnedsetting, som gir auka risiko for at forelde får fråvær frå arbeidet, kan det også gis tilskot om jordbrukaren må ta seg av barnet heime. I slike tilfelle kan det gis tilskot til og med det kalenderåret barnet fyller 18 år. Dette inneberer ingen endring eller nyansering i forhold til rundskriv 2020 - 3.

Avslutningsvis vil vi også vise til brev sendt frå Nærings- og fiskeridepartementet 14.mars til fylkesmennene, med presisering i e-post same dag. Her tydeleggjere det at barn av kritisk personell i blant annet verdikjeda for matvareforsyning skal gis et tilbod sjølv om barneskuler og barnehagar er stengt. Her står det at personar som arbeider i husdyrproduksjon omfattast av dette. Det understrekast at det berre er kritisk personell tilbodet skal gjelde for.

Landbruksdirektoratet er særs interessert i om det er spesielle situasjonar eller problemstillingar som no dukkar opp i samband med denne ekstraordinære situasjonen. Meld gjerne inn til Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor på fitjar@fitjar.kommune.no

Meir informasjon finn du på landbruksdirektoratet.no

Kva kan du gjera?

Rapportere mistanke om koronavirus

Dersom du har symptom som kan vera koronavirus; som hoste, pustevanskar eller feber kan du melda frå om dette på helsenorge.no. Løysinga legg til rette for sjølvrapportering av symptom frå alle innbyggjarar. Dette er ett av flere tiltak for å få oversikt over smitte i Noreg. 

Meld frå ved mistanke om koronavirus

Hygiene, skjerming og karantene

Nøye reinhald av hender og gode hoste/nyserutinar. Sjå plakat lenger nede på sida.

Kjenner me oss sjuke med luftvegssymptom, feber og hoste eller gjerne berre lettare symptom, bør me skjerma resten av familien og folk me kjem i nærkontakt med. Det må vera låg terskel for å vera heime frå jobb og skule for å bremsa utbreiinga av luftvegsinfeksjonar.

Dei som er i heimekarantene og får symptom, treng ikkje kontakta helsetenesta for testing. Dei må halda fram karantene i alle høve, anten testen er positiv eller negativ. Kontakt med helsetenesta trengst berre om ein kjenner seg svært sjuk og trur det trengst innlegging i sjukehus.

Folk vert såleis oppmoda om ikkje å belasta helsetenesta med spørsmål om å få vita om ein har koronasmitte eller ikkje. Les meir om karantene på Helsedirektoratet si side.

Gode råd og restriksjonar:

  • Er du sjuk – hald deg heime frå jobb.
  • Hald deg mest mogleg heime
  • Sørg for god handhygiene og hostevanar til ei kvar tid
  • Halda minst 1m avstand mellom kvarandre ute og ver ikkje i større grupper enn 5 personar ute (unnateke familiar og husstandar som høyrer saman i det daglege)
  • Folk skal ikkje samlast i større grupper enn 5 personar
  • Innadørs i opne lokale, på arbeidsplassar o.l. skal folk i størst mogleg grad halda 2m avstand mellom kvarandre under arbeid m.m.

Hald deg oppdatert om koronavirus på regjeringen.no, helsenorge.no og fhi.no 

Oppdatering 22. mars - tre personar smitta

Stord har fått stadfesta det tredje smittetilfellet i kommunen. Alle tilfella til no, kan mest sannsynleg sporast til smitte i utlandet.

Oppdatering 18. mars - to personar smitta

Tilfelle nummer to som er stadfesta Covid-positiv smitta i Stord var registrert. Det heng saman med tidlegare kjend smittestad for det første tilfellet. Vedkomande var såleis i karantene ei tid også før prøven vart teken. Alle kjende nærkontaktar til desse tilfella sit i heimekarantene og fleire har hatt dette heilt sidan før det første tilfellet på Stord. Det får såleis ikkje konsekvensar for nokon andre. Folk treng såleis ikkje kontakta Koronasenteret, om dei lurer på om dei kan har vore utsett for smitte. Smittekjelda er utanfor Stord og aktuelle nærkontaktar er varsla for karantene.

Dette viser at det er viktig at dei som er i karantene gjennomfører denne tilfredsstillande. Me kan då «ringa inn» smitten kring kvart einskildtilfelle som vert påvist og såleis dempa smitten utanfor husstanden. Dette er eit viktig grep som alle må vera med på å bruka i kampen mot dette viruset.

Me treng DI hjelp

Har du moglegheit å hjelpe til? Me står i ei tid der eigne tilsette er hindra frå å koma på jobb, og det er venta at situasjonen vil tilta.

Me vil ha bruk for helsepersonell og andre som kan tenkja seg å bidra. 

Kan DU bidra? Ta kontakt via sentralbord 53 49 66 00 eller send inn skjema her. 

Endringar i drifta i Førebyggande tenester

Generelt for førebyggande tenester

Me i førebyggande tenester har tiltak i alle våre avdelingar grunna epidemien som pågår. Me oppmodar alle til å fylgja nasjonale smittevernsråd og reglar for karantene/isolasjon og ha omsut for kvarandre i befolkninga i ei, for mange, vanskeleg tid. Fylg folkehelseinstituttet sine sider for oppdatert informasjon til ei kvar tid: https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

Me ber om at alle som har teikn til sjukdom ikkje kjem på besøk til oss, men tek kontakt på telefon til den du ynskjer kontakt med. Her er oppdatert kontaktliste for personar og kontor som arbeider med barn og unge i Stord kommune

Helsestasjon 0-5 år

  • Dei minste barna vert prioritert for å gjennomføra barnevaksinasjonsprogrammet fram til 15 mnd.
  • Me ber om at barnet berre kjem i fylgje med ein vaksen for å avgrensa antal personar og smitte
  • Me vil ikkje gå på heimebesøk i denne perioden me no er inne i, men inviterer dykk til helsestasjonen
  • Helsestasjonen i Sagvåg, Blåbygget vert endra drift på og flytta til helsestasjonen i Myro på Leirvik

Har de spørsmål ikring dette ta kontakt med oss.

Skulehelsetenesta 

Er stengt i denne perioden – ta kontakt med helsestasjon dersom ein treng kontakt med helsesjukepleiaren på din skule, så formidlar me kontakt. 

Svangerskapsomsorga

  • Tidleg i svangerskapet vil me ha telefonisk kontakt og i uke 24, 28, 32, 36, 38 og 40 vil ein ha konsultasjon med jordmor på helsestasjonen.
  • Me ber om at den gravide kjem åleine grunna smittevernhensyn
  • Me vil ikkje komma på heimebesøk i denne peridoen, men samkøyrer denne konsultasjonen etter fødsel med helsesjukepleiar i helsestasjon.
  • Ta kontakt med jordmor om det er noko du treng råd og rettleiing til

Reisevaksine

Me utfører lite reisevaksinering i desse dagar grunna alle restriksjonar og smittevernhensyn. Har du spørsmål ikring dette, eller fylgjer eit bestemt program for vaksinering ta kontakt på telefon 480 78 895.

Helsestasjon for ungdom

Er stengt i denne perioden me er inne i. Men treng du kontakt for å få besvart spørsmål, ta ein prat eller anna ta kontakt

Utekontakten, ungdomskontakten og SLT- koordinator

Er å treffe på telefon for spørsmål, ein prat og/eller avklaringar ta kontakt.

PPT 

Treng du kontakt med PPT tak kontakt med einingsleiar på tlf. 920 64 415

Spesialpedagogisk team 

Treng du kontakt med spesialpedagogisk team tak kontakt med einingsleiar på tlf. 920 64 415

Følg oss på Facebook,

Korona og små bedrifter

Deler av arbeidslivet i Sunnhordlandsregionen opplever vanskelege tider som følgje av Korona-epidemien. Næringsselskapet Atheno AS vil no utvida tilbodet av rådgjeving til å omfatta bedrifter som opplever slike utfordringar. Selskapet har til dagleg oppgåva med å rådgje i samband med bedriftsetableringar for Stord kommune. Kommunen har no mellombels godkjent at ressursane til dette føremålet vert omdisponerte slik at Atheno AS kan gje ei tettare oppfølging av verksemder som har fått problem som følgje av epidemien.

For meir info sjå vedlagde presseskriv eller www.atheno.no

Les om regjeringa som vil dekka faste kostnadar for å redda arbeidsplassar

Les også at regjeringa gir 50 millioner kroner til kompetanseutvikling for å hindre permitteringar og oppseiingar

Informasjon til verksemder med samfunnskritiske oppgåver

Me har nokre definerte samfunnskritiske oppgåver der me ønskjer eit særleg fokus på tiltak for å hindra smittespreiing  Det er difor sendt ut informasjon til verksemder med desse oppgåvene der me ber dei ta stilling til ytterlegare tiltak. 

Særskilde samfunnskritiske tenester utanom kommunen og helseføretaka si eige drift er:

  • Apotek
  • Daglegvarehandel
  • Bensinstasjonar

Last ned brevet som er gått ut til verksemder med samfunnskritiske oppgåve i pdf her.

Oppdatering 15. mars

Kriseleiinga i kommunen har i dag hatt sitt daglege møte for å gå gjennom status for dei ulike sektorane. Sjølv om mange er sendt på heimekontor og ein del i karantene har me fortsatt forsvarleg drift av tenestene våre. Legevakta har ein del ventetid på telefonen og me vurderer tiltak for å redusere denne.

Sidan bebuarane på sjukeheimane  og bufellesskapa våre er ei utsett gruppe, og utbreiing av smitte i befolkninga er uklar, vel me å stenge for besøkande frå og med i dag. Stord hamn vil frå i morgon vera stengt for mannskap og passasjerar som kjem frå utanriksfart. Forbodet gjeld ikkje godstrafikk og innanriksfart.

Kommuneoverlegen som tok den omtala prøven utan fullt verneutstyr, er i karantene. Etter gjeldande regelverk skal ikkje personar utan symptom testast for smitte, noko som i dette tilfellet også er avklart med helsetenesta.

Kriseleiinga søker å beskytta seg mot smitte ved å i større grad arbeida på heimekontor. Møta i krisestaben vert så langt som råd avvikla som fjernmøte på telefon og Skype. Gruppeleiarane for dei politiske partia vil i morgon måndag bli orientert og skal drøfta situasjonen.

I ei tid med store utfordringar er det positivt å registrere dugnadsånda me opplever både frå tilsette, næringslivet og frivillige organisasjonar.

Kværner hjelper kommunen med smittevernsutstyr og tilbyr praktisk hjelp
Røde kors tilbyr personell til praktisk hjelp og sjåførteneste
Personar som bur på flyktningmottaket tek kontakt og tilbyr hjelp
Anne Beathe Ulveset Lilletvedt har oppretta nabohjelpgruppe på Facebook.

Ordførar Gaute S. Epland rosar den store viljen til å stilla opp i den vanskelege situasjonen. –Me opplever forståing og velvilje for dei tiltaka som er sette i verk, seier Epland, samstundes som han minner om råda frå styresmaktene om å halda seg mest mogeleg heime og  halde god avstand til andre dersom ein er ute og møter folk.

         

Magnus Mjør , rådmann

Knut J. Gram, kommunalsjef

Oppdatering 14.mars - ein person smitta

Stord kommune har no registrert det første tilfellet der ein person er smitta av Koronavirus. Med bakgrunn i utvikinga me har sett i landet, er ikkje dette uventa og me lyt rekne med at me får fleire tilfelle i dagane som kjem.

Kommunen har sett i verk tiltak i samsvar med gjeldande rutinar. 

Kommuneoverlegen som tok prøven er i karantene, noko som i utgangspunktet ikkje har konsekvens for dei han har vore i kontakt med. Dersom vedkomande har symptom og vert testa positivt, vil personar han har vore i nærkontakt med få varsel om karantene.

Kommuneoverlegen vil kunna utføra deler av arbeidsoppgåvene sine frå heimekontor. Andre oppgåver vil bli ivaretekne av annan lege. 
Kommunen vurderer fortløpande tiltak som følgje av den nye situasjonen, og oppmodar alle om å følgje styresmaktene sine retningsliner slik at konsekvensane for Stordsamfunnet blir minst mogeleg. Ein minner særleg om at forbodet mot gjennomføring av arrangement også omfattar private samkomer med mange deltakarar.

Kontaktpersonar i kommunen:
Ordførar Gaute Epland, telefon 95446307
Rådmann Magnus Mjør, telefon 91644039
Beredskapsansvarleg, kommunalsjef Knut J. Gram, telefon 97552011

Stengde publikumsbygg

Stengte publikumsbygg /tilbod - ta kontakt på telefon 

  • Kulturhuset, tlf. 53 49 69 50
  • Biblioteka, tlf 53 49 66 70
  • NAV Stord, tlf. 55 55 33 33 
  • Stord rehabiliteringssenter. Ta kontakt med Andreas Sirevaag avd.lear fysio- og ergo: 414 05 425 eller Bente Bjelland ergoterapeut: 481 89 821.Gjeld også alle leigeavtalar, anten det er basseng eller kantine.
  • Dagsentera innanfor psykisk helse og rus; Maris og Hamna..Brukarar og pårørande kan ta kontakt med Diana Marie H. Bergeland på tlf. 53 49 66 61 eller avdelingsleiar Kenneth Stenbråten på tlf 994 40 508
  • Rådhuset - tlf. 53 49 66 00 måndag til fredag kl 08.00 - 15.30  
  • Sjukeheim og omsorgssenter tlf 53 45 45 00 eller 54 43 43 34
  • Stord hamn - mannskap og passasjerar som kjem frå utanriksfart
  • Leirvik Gjestehamn og Sagvåg Gjestehamn tlf 53 49 67 66
  • SKE bygg Heiane og Leirvik 

Regjeringa sett inn tiltak om stenging og forbod

12.03.20 kom regjeringa med nye tiltak for å avgrensa koronasmitte. Desse gjeld også Stord kommune. 

Dette gjeld blant anna stenging og forbode mot:

  • Barnehagar
  • Barneskular
  • Ungdomsskular
  • Videregåande skular
  • Universiteter og høgskular
  • Andre utdanningsinstitusjonar
  • Kulturarrangement
  • Idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs
  • Alle verksemder i serveringsbransjen med unntak av serveringsstadar der det føregår servering av mat, det vil seie kantiner og spisestadar som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst 1 meters avstand. Servering av mat skal ikkje skje som buffet. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv
  • Treningssenter
  • Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, holtaking(piercing) og liknande
  • Symjehallar

Les om alle tiltaka på Folkehelseinstituttet si nettside 

Stord kommune sin tiltaksplan for avgrensing av smitte blant tilsette

Restriksjonar for å avgrensa Koronasmitte

Det vert tillete at maks 50 personar kan samlast og tilrådd at folk sit med god avstand (gjerne 2 m) mellom den einskilde eller ulike grupper

  • Maksimalt tillet ein at 50 personar er samla, t.d. i samband med kyrkjelege arrangement, konsertar og teater, foreiningar og andre tilstellingar, men òg private selskap.
  • Ved arrangement for sårbare grupper, som t.d. pasientforeiningar eller eldre, er maksimalt tillate tal 20 personar samla.

Institusjonar

  • Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter er stengt for besøkjande
  • Bufellessakp er stengt for besøkjande

Særlege retningsliner for gravferd

  • Det er tradisjon at mange møter i gravferd for å vise respekt for den døde og familien.
  • Ofte er mange deltakarar i gravferd i risikogruppa for å utvikle eit alvorleg sjukdomsbilete dersom dei blir smitta.
  • Avgrensing på 50 personar gjeld òg deltaking i kyrkje og minnestund.
  • Me oppmodar at ein vurderer å syne si respekt og medkjensle på anna vis enn å møta opp i kyrkja, for å redusere risiko for smitteoverføring for dei som held gravferda og andre gjester.
  • Kondolanse bør skje utan handhelsing, klem eller anna fysisk kontakt.

Utestadar

  • For utestadar og arrangementslokale gjeld restriksjon på maksimalt 100 gjester.
  • Det skal leggjast til rette for at personar kan halde ein avstand til andre på minst 1 meter.
  • Sørga for skjerpa hygienetiltak som vask av kontaktflater.

Arrangement for barn og unge

  • Arrangement for barn og unge som samlar større grupper bør avlysast.
  • Arrangement der det kjem tilreisande frå andre kommunar bør avlysast.

Fysioterapitenester

  • Avgrensa til det som er avgjerande viktig i høve medisinsk forsvarleg behandling.

Alle restriksjonane har heimel i Smittevernlova § 4-1.

Oppdatert 23.03.20 

Kva gjer kommunen ?

Det er etablert ein Koronasentral for folk med akutt luftvegsinfeksjon som kan ha samanheng med koronasjukdom. Det er plassert i Blåbygget i Sagvåg og dekkjer Bømlo, Fitjar og Stord i deler av døgeret. Det skal vera eit tilbod som fastlegar eller legevakt kan visa til når dei har hatt kontakt med personar som bør vurdersts for test på Korona. 

Legevaktsentralen 116117 vert styrka med for auka tilgjenge og kan utvidast.  

Senteret er tenkt styrka med fleire legar og anna personell etter trong.

Fastlegekontora har lagt om rutinar og driv utstrekt konsultsjon på telefon for å unngå at smitteførande personar vert flytta ut av heimen utan god grunn. Det er ingen frammøte på legekontora utan at det er avtala på førehand.

Det ligg føre planar for auking av tal korttidsplasser i institusjon gjennom fortetting (tomannsrom) og/eller nyetablering.

Kommunen er rigga for å følgja dagleg med på utviklinga av situasjonen og tilrådingane som kjem frå Folkehelseinstituttet, Helsedirektorat og Fylkesmannen i Vestland. Desse vert vurderte opp mot og tilpassa lokale tilhøve.

Tidlegare informasjon.

Den første aktive fasen starta primo februar med førebuing til arbeid med smitteavgrensing. Informasjon til folk og aktuelle einingar i kommunen. Klargjering av fastlegekontora og Sunnhordland Interkommunale legevakt. Informasjon til folk for å verna mot press som ville kunna blokkera ordinære tenester, og gje oss vanskar med å tilby forsvarleg helsehjelp generelt.

Smitteavgrensing starta for fullt i veke 9, med ein del avklaringsarbeid mot einskildpersonar og reisefølge. Fokus på reisande frå område med epidemi og nærkontaktar til påvist smitta (nærleik under flyreiser) og ev. nærkontakt tilfeldig til seinare påvist sjuke andre stader i landet. Førebels er hovuddelen av alle funn knytt til utlands reiseverksemd. Dette gjeld og nabokommunane. Dette arbeidet held fram.

Helsetenesta i det daglege er enno ikkje under vesentleg press i Stord. Sjukehuset har inntil vidare, ikkje auka pågang grunna dette. Det ser ut til at folk har fått med seg at kontakt på telefon med fastlege eller legevakt er første skritt ved trong for sjukdom.

Nasjonal epidemi er venta og det er ved utgang av veke 10, uvisst kva tid lokal smittespreiing vil starta og auka på. Me veit at dei fleste som får smitten, kan rekna med å få lette symptom, med trong for fråver i arbeid, skule og barnehage i 2-3 veker eller mindre.

Me er klare for å kunna ta hand om dei første tilfella av sjuke som treng helsehjelp når dei kjem, anten dei treng kontakt og oppfølging heime eller sjukehusbehandling. Kommuneoverlegane i sjukehusområdet til Helse Fonna, Stord sjukehus og i Stord og Bømlo samarbeider om å vera tilgjengelege for helsetenesta 24/7 frametter. Dei vil få jamleg rapport frå dei ulike legesentra anten det er noko å rapportera eller ikkje. Det er ei fastlagd grunnbemanning som vil kunna utvidast ved flytting av personell og ev. av oppgåver. Fastlegekontora og legevakt har etablert rutinar for korleis folk som kan vera smitta og treng helsehjelp, skal handsamast. Folk som er uroa eller trur dei er smitta skal halda seg heime og få råd over telefon. Tilfelle som treng prøvetaking, vert melde til kommuneoverlege som administrerer dette så lenge tal på mistenkte tilfelle er overkommeleg. Opptrapping av dette kan raskt etablerast om det vert vurdert som føremålstenleg. Det er forventa at prøve-taking etter kvart vert trappa ned og berre nytta som reiskap for å skilja uklare tilstandar frå einannan, særleg i sjukehus.

Kommunane i området og Helse Fonna har etablert ei koordineringsgruppe som vil kartleggja ressursar og kapasitet i området med tanke på ei utvikling som krev endra strategi for bruk av sjukehus, institusjonar og heimebehandling/observasjon. Me nyttar planverk som er laga for slike høve. Det vert gjort eit omfattande kartleggingsarbeid og førebuing i høve materielltilgang og bevisst bruk av dette med tanke på avgrensa tilgang. Personelloversyn og restriktive tiltak i høve fråver/ferie er klargjort. Plan for utviding av tal  på sjukeheimsplasser ved trong for det, komb. med omdisponering av personell er klar for aktivering. Oksygenlager og tilgang på surstoff er klargjort i samla oversyn. Plan for auka kapasitet til handsaming av utskrivingsklare pasientar frå sjukehus ved trong for omdisponering av sengeplasser der, er klar. 

Det vil verta trong for særskilt omsyn til nokre aldersgrupper, funksjonshemmingar og grad av sjukdom utover den aktuelle infeksjonen.

Fylkesmannen har telefonmøte med kommunane der statlege tilrådingar vert ført vidare. Det kjem råd som vert bygd inn i lokal handlingsplan for koronasituasjonen i kommunen.

 

Oppdatert 23.03.20

Publisert 08.03.20

Heimekarantene

Om du tilhøyrer ein av følgjande grupper så skal du vera heime:

  • Du mistenker at du kan vera smitta
  • Du har fått bekrefta at du er smitta
  • Du er bekrefta sjuk av covid-19, men treng ikkje å leggast inn på sjukehus
  • Du har hatt nær kontakt med ein som er bekrefta smitta, eller ein du bur saman med er bekrefta smitta (nærkontakt).

Alle som har vert på reise utanfor Norden skal vera i karantene 14 dagar frå den dagen dei kom heim.

Reglane ligg på www.fhi.no

Oppdatert 13.03.20

Heimeisolering

Reglane ligg på www.fhi.no Personar som er stadfesta smitta av koronavirus eller ventar på prøvesvar, skal ikkje forlata heimen. Dei skal helst vera i eit anna rom enn dei andre og det må utøvast skjermingstiltak så langt det let seg gjera.

Smitta personar må vera utan symptom i 6-8 dagar før isolasjon vert avslutta.

Dei andre i heimen er nærkontaktar og har heimekarantene

03.03.20

Ros til folk på Stord – telefonkontakt fungerer

Det er viktig at dei som berre søkjer informasjon og konkrete råd om korona nyttar www.fhi.no og www.helsenorge.no i første omgang. Om dei ikkje finn svar på det dei lurer på der, kan dei ringja informasjonstelefonen for Koronasmitte på 815 55 015. 

 - Det verkar som folk i Stord er flinke å følgja råd som er sende ut i høve koronasituasjonen. Dei kontaktar fastlege på dagtid eller legevakt på telefon, når dei er usikre eller trur dei er smitta. Legevakttelefonen vert ikkje unødig blokkert og kan samstundes nyttast til det den eigentleg er tenkt til. Det er flott, seier kommunelege Lars Helge Sørheim.

03.03.20

Influensa og koronavirus

Influensa gjev hovudverk, muskelsmerter, feber, hoste og «snørr og tårer» (luftvegssymptom). 

- Slik me bur og lever så vil dei fleste av oss tola dette viruset heilt greitt. Rapportane seier at Covid 19 er ein grei luftvegsinfeksjon som ikkje treng behandling. Nokon (få) kan verta sjukare enn andre og kan trengja sjukehusbehandling. Me må sikra at me er budde på å gje dei skikkeleg hjelp slik at flest mogleg av desse overlever, sieer kommunelege Lars Helge Sørheim.

Stord kommune føl opp tilrådingar frå Folkehelseinstituttet og Fylkesmannen. I tillegg er det etablert ei koordineringsgruppa mellom kommunane i området og Helse Fonna.

Det er folk og helsetenesta i kommunane som kan dempa smittefaren og såleis avgrensa utbreiinga og toppen på epidemien.

Folk som får luftvegssymptom eller feber etter nyleg å ha vore på utlandsreise, må reagera på dette. Dei skal halda seg i ro, heime, skjerma andre for smitte og kontakta lege eller legevakta (116 117) på telefon. Slik kan me avklara om det trengst undersøking og avgrensa utbreiinga litt, med tiltak for desse.

Ta først kontakt på telefon !

27.02.20

 

Hygieneplakat

Tips ein ven  Skriv ut

Skjema

Dokumenter

Snarvegar
Publisert | Oppdatert 02. april 2020