Bakgrunnen for vidare redusert opningstid er å kunna ha ei smittevernfagleg forsvarleg drift med smågrupper, god hygiene og redusert kontakt mellom personar.

Hovedregelen er at barnehagane skal ha ordinær opningstid att frå 27.04.20. Men dersom dei ikkje greier å ivareta nødvendige krav til smittevern, kan ein korta ned opningstida, jf. Covid-19-forskrifta § 12b fjerde ledd. 

Barna til føresette i kritiske samfunnsfunksjonar og barn med særlege behov vil få eit tilbod som er tilpassa behova deira. Kor omfattande ei slik tilpassing vil vera, vert vurdert i kvart enkelt tilfelle. Barnehagar med mange føresette i kritiske samfunnsfunksjonar kan få vanskar med å leggja til rette for alle sine behov, og kan då innføra krav om at begge føresette må ha kritiske samfunnsfunksjonar for å få eit tilpassa tilbod.  

Foreldrebetalinga tredde i kraft att frå 14. april for barn som får tilbod i barnehage. Dei skal betala ordinær sats for tilbodet uavhengig av timetalet dei får tilbod om. Føresette kan søkja kommunen om moderasjon i foreldrebetalinga på vanleg måte. Føresette som held barna heime utan helsegrunnar, må betala for plassen i tråd med den enkelte barnehage sine vedtekter. Det er kun dersom barnehagane stenger med heimel i smittevernlova § 4-1, at føresette ikkje skal betala for barnehageplassen.  

I slutten av veke 18 vil det så verta teke stilling til kva opningstida vert i veke 19, og eventuelt vidare framover.  

Dersom de har spørsmål knytt til opning av barnehagen til barnet/barna dykkar, kan de ta kontakt med styrar i barnehagen.

Lenker:

Mellombels forskrift om tilpassingar i lovgijevinga om barnehagar som følge av utbrot av covid-19

Rettleiar om smittevern i barnehagar under covid-19 utbrotet 2020.

Barnehagar og SFO kan ha kortare opningstid