Krav til og behandling listeframlegg

Eksempel på listeframlegg

Rettleiing til utfylling

  • Frist for listeframlegg er 31. mars kl. 12.00 valåret. I år er 31. mars på ein søndag og innleveringsfristen er då 1. april og listeframlegget må vera kome fram til kommunen innan kl. 12.00. Adresse: Stord kommune, postboks 304, 5402 Stord.
  • Lista må angi kva val det gjeld.
  • Lista må angi kva parti eller gruppe det gjeld. Er det eit registrert parti skal namnet vera lik med partiets registrerte namn.
  • Kandidatane skal vera oppført med fornamn og etternamn og fødselsår. Opplysningar om stilling eller bustadadresse kan påførast.
  • Listeframlegget skal i Stord ha minimun sju og maksimum 41 kandidatar.
  • Stemmetillegg – i Stord maks 6 kandidatar. Desse skal stå først med utheva skrift.
  • Listeframlegget skal vera underteina av minst to av styremedlemene i partiets lokale avdeling. Desse må ha stemmerett i valdistriktet.
  • Listeframlegg frå andre enn registrert parti har eigne reglar. Her skal listeframlegget vera underteikna av 2% av dei røysteføre ved sist kommunestyreval som er 279 personar i Stord. Desse må ha røysterett i kommunen. Underskriftslista skal leverast saman med listeframlegget og er unnateke offentleg innsyn.

Listeframlegget skal ha følgjande vedlegg

  • Ei oversikt over kandidatane sitt fødselsdato
  • Ei oversikt over fødselsdato og bustadadresse på dei som har underteikna listeframlegget
  • Dersom ein kandidat ikkje er folkeregistret i kommunen må det ligge ved ein erklæring om at vedkomande vil vera valbar på valdagen (folkeregistrert i kommunen)
  • Dersom ein kandidat ikkje er valbar på grunn av stilling skal det ligge ved ein erklæring på at vedkomande har fråtredd stillinga når kommunestyret trer i kraft.