I rettleiarane for smittevern i skulane er det sett ulike retningsliner for barnetrinnet, ungdomstrinnet og vidaregåande trinn ut frå kva nivå skulen har i ein trafikklysmodell med grønt, gult og raudt nivå.

Retningslinene for smittevern vil difor kunne variera mellom kommunar ut frå kva nivå lokale smittevernmynde har vedtatt for kommunen og for ulike trinn.

Skyss har dialog med skuleeigarane om kva nivå som er vedtatt for dei enkelte kommunane, og kva konsekvensar dette har for skuleskyssen.

Ein må rekne med at det tar noko tid frå det blir gjort vedtak om endring av nivå i ein kommune, til naudsynte tiltak er sette i verk for skuleskyssen.

Følgjande retningsliner gjeld for skoleskyssen på gult nivå:

  • Bruk av offentleg transport til og frå skolen skal avgrensast der det er mogleg
  • Elevar som er avhengige av skoleskyss, kan ta buss eller anna transport for å komme seg til og frå skolen. Elevar kan sitje saman på bussen, men bør halde avstand til andre reisande. Unngå kontakt ansikt til ansikt i størst mogleg grad.
  • For ungdomstrinnet og vidaregåande trinn: Ved bruk av offentleg transport bør elevar følgje lokale tilrådingar for bruk av munnbind.

Følgjande retningsliner gjeld for skoleskyss på raudt nivå:

  • Bruk av offentleg transport til og frå skolen skal avgrensast der det er mogleg
  • Skuleskyss: Elevar bør sitje på anna kvart sete. Elevar frå same hushald eller same kohort kan sitje saman. Det kan bli gjort lokale vurderingar i samråd med lokale helsemynde. På vidaregåande trinn kan berre elevar frå same hushald sitje saman.
  • For ungdomstrinnet og vidaregåande trinn: Ved bruk av offentleg transport bør elevar følgje lokale tilrådingar for bruk av munnbind.

Elevar som er sjuke eller har sjukdomssymptom skal ikkje reise med skoleskyssen. Dette gjeld sjølv ved milde sjukdomssymptom.

Retningslinene over gjeld også for skuleskyss med drosje.

Praktiske dømer på korleis skoleskyssen kan bli gjennomført i samsvar med smittevernråda:

Dersom både barne- og ungdomstrinnet har gult nivå:

  • Elevane kan sitje saman på skoleskyssen uavhengig av kva skule og trinn dei går på (gjeld både buss og drosje), men ein bør unngå kontakt ansikt-til-ansikt i størst mogleg grad. Nasjonale smittevernråd vil då vere teken i vare sjølv om bussen er full.

Dersom barnetrinnet har gult nivå og ungdomstrinnet har rødt nivå:

  • Elevar frå barnetrinnet kan sitje saman uavhengig av kva skule og trinn dei går på. Elevar frå ungdomstrinnet må sitje saman med ein frå same kohort (vil ofte vere snakk om medelev frå same klasse) eller hushald. Dersom sistnemnte ikkje er mogleg, må ungdomsskoleelevar halde 1-meter avstand til andre (gjeld både buss og drosje).
  • Elevar frå barnetrinnet kan sitje på rader foran, bak og på motsett side av ungdomsskuleelevar, men ikkje på setet ved sidan av ein ungdomsskuleelev, med mindre elevane kjem frå same hushald.
  • I tilfelle der hovudparten av ungdomsskuleelevane kan sitje saman med ein frå same kohort eller same hushald, vil nasjonale smittevernråd vere teken i vare sjølv om bussen er full.
  • På skoleskyss utført med drosje vil berre anna kvart sete kunne bli nytta på turer der det er med ungdomsskuleelevar, med mindre det er snakk om ungdomsskuleelevar frå same kohort eller same hushald.

Skuleskyssen vil gå til ordinære start- og sluttider.

Spørsmål kan bli retta til skoleskyss@skyss.no eller per telefon 55 55 90 70, tastevalg 2 – skoleskyss.