Det er sendt inn søknad til miljødirektoratet om flytting av svanefamilien. Kommunen er i dialog med miljødirektoratet. Mens saka vert handsama av miljødirektoratet vert det oppfordra til å halde avstand til svanefamilien og i størst mogleg grad la dei vere i fred.

Svanehoa skal no myte, det vil sei felle fjær i ein periode på 2 veker, og mister da flygeevna. I den perioden vert det ekstra viktig for svanehannen å passe på familien, og aggresjonsnivået kan difor vere ekstra stort. Aggresjonsnivået til svanehannen vil roe seg om nokre veker då han går inn i ein periode med fjærfelling.