Engasjer deg!

Noko av essensen i TV-aksjonen ligg i det fysiske møtet mellom menneske. Når me går frå dør til dør hjå heile Noregs befolkning og bankar på 2,4 millionar dører, legg me til rette for at alle skal få høve til å delta på TV-aksjonen. Det er viktig for å spreia kunnskap og for å engasjera breitt. Me høyrer også at eit besøk frå bøssebæraren kan vera det einaste besøket nokon får i løpet av eit år. Difor er me ekstra glade for at me igjen kan møtast ansikt til ansikt og endeleg gå som bøssebærar att. Du kan registrera deg som bøssebærer på blimed.no

Det vil også i år vera mogeleg å oppretta ei digital bøsse. Me satsar på full bøssebærardekning, og at dei digitale bøssene vil fungera som eit ekstra høve der bøssebærarane ikkje når fram. 
Om du har konkrete spørsmål rundt det å vera bøssebærar i vår kommune kan du ta kontakt med fylkesaksjonsleiaren i Vestland, Marthe Jansen (mobil, 941 11 101) eller e-post: vestland@tvaksjonen.no  
Stord kommune sin innsamlingskomite består av, frå venstre i bildet: Rannveig Sele (Stord Røde Kors), Margunn Hamre Vassdal (Frivilligsentralen), Bjørn Lindgård (Stord IL), Britt Heidi Værøy (IL Solid), ordførar Gaute Epland, Inge Espenes (Trott), Astrid Larsen (frivillig) og Åge Vallestad (Frivilligsentralen) samt Yngve Sagvåg Lunde (Rodeansvarleg, og som ikkje er med på bildet).

ApLVt 1BRs 1kpmZgc jv 4ZL 3Hymze 3Yn 8y  7AAAAAElFTkSuQmCC

Dette går pengane til

Kvart tredje sekund vert ei jente gifta bort ein stad i verda. Gjennom årets TV-aksjon skal Plan saman med alle gjevarar i Noreg gje jenter høve til å velja si eiga framtid, og via seg til livet.
Med årets TV-aksjon skal me nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa kor problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.  
Me skal jobba for at jenter får bli på skulen, at barn, unge og eldre får opplæring i jenter sine rettar og i likestilling og at lovverket skal verna barn frå å bli gifta bort. Barn skal få vera barn, ikkje brud.

Konsekvensane av barneekteskap er store – ikkje berre for jentene som vert gifta bort, men for barna deira og samfunnet dei lever i. Jentene vert hindra i å nå sine draumar og mål, og vert fråstolne høve til å skapa ei god framtid.  
Barneekteskap bremsar utvikling og opprettheld fattigdom. Der jenter vert gifta bort som barn og mister høve til å gå på skule, aukar risikoen for at dei vert utsett for vald og overgrep. Dei mister retten til å rå over eige liv og eigen kropp. Difor skal årets TV-aksjon jobba for å få slutt på barneekteskap. 
Får jenter høve til å gå på skule, rå over sin eigen kropp og bli lytta til i samfunnet, vil det føra til mindre fattigdom, mindre vald og meir rettferd.  
Som eit ledd i å sikra dette, har NRK sitt innsamlingsråd som oppgåve å følgja opp midlane som blir samla inn. Organisasjonen som mottek TV-aksjonen må også vera godkjend av Innsamlingskontrollen.


Bli med på årets viktigaste søndagstur 24. oktober!

 

Bangladesh