Mange barnehagar opplever det no som svært krevjande å ha ei normal drift. Både den nye bølga av covid-19 og andre virusutbrot medfører høgt sjukefråvær blant tilsette. Dette vert forsterka av eigne karanteneregler knytt til mistanke om smitte av omikron-varianten.
Med bakgrunn i dette vil barnehagane i Stord kommune frå torsdag 16. desember og i fire veker framover ha redusert opningstid. Opningstida deira vert kl 07.30 – 16.00.
Trafikklysmodellen med grønt, gult og raudt nivå viser kva smitteverntiltak barnehagane skal følgja:
- Grønt nivå betyr at barnehagekvardagen kan organiserast som normalt. Det vil sei vanleg organisering av avdelingar.
- På gult nivå kan heile avdelingar reknast som ein kohort. Barnehagane må framleis ha fleire tiltak for å redusera kontakt og halda avstand mellom ulike kohortar.
- På raudt nivå skal barna delast inn i mindre grupper og kohortar. Barnehagane må vurdera ulike oppmøtetidspunkt for barna og syta for at det er avstand mellom kohortar som ikkje samarbeider.
Myndigheitene har sagt at barnehagane no skal vera på gult nivå. Dersom smittesituasjonen i samfunnet endrar seg, må barnehagane vera budde på å endra til raudt nivå.
Dei viktigaste smittevernførebyggande tiltaka som står omtalt i den sentrale smittevernrettleiaren er:
- Sjuke personar skal ikkje vera i barnehagen
- God hygiene
- Avstand og redusert kontakt mellom personar
Sjå smittevernrettleiarar for barnehage og skule
Det trygt for barn å gå i barnehagen. Barnehagane skal framleis gje barna den fysiske omsorga dei treng og syta for at dei opplever tryggleik, kjenner at dei høyrer til og trivst i barnehagen.
Foreldrebetaling
- Føresette til barnehagebarn skal betala etter ordinære reglar i forskrift 16. desember 2005 nr. 1478 om foreldrebetaling i barnehagar. Dette gjeld uavhengig av tal timar på tilbodet.
- Føresette til barn som ikkje får eit tilbod fordi barnehagen er stengt med heimel i smittevernlova, skal ikkje betala for barnehageplassen.
Det er per no ingen barnehagar i Stord kommune som er stengt med heimel i smittevernlova.