Stord kommune vedtok 12.03.2020 å stenga alle barnehagane, skulane og skulefritidsordningane (SFO) i 14 dagar. Dette i samråd med Helsedirektoratet sitt vedtak etter smittevernloven § 4-1 andre ledd og regjeringa sine tiltak for å hindre koronaspreiing.

Regjeringa har vedteke at alle landets barnehagar og skular framleis skal vera stengde til og med 13. april. Perioden kan bli forlenga. Skulane skal fortsetja å gje elevane eit opplæringstilbod heime og leggja til rette for opplæring så langt det lar seg gjera.  

Nokre barn har likevel rett på å få tilbodet på skulen, SFO eller i barnehagen.

Barnet har særskild omsorgsbehov

Helsedirektoratets retningsliner for stenging av skule og barnehage gjer unntak for barn og unge med særskilt omsorgsbehov. Desse er det viktig å ta vare på. Den enkelte skule og barnehage gjer derfor konkrete og individuelle vurderingar av kven som bør få dette tilbodet. Moment i denne vurderinga kan vera om dei til dømes har fysiske eller psykiske funksjonshemmingar, er omfatta av tiltak frå barnevernet eller andre hjelpetiltak. Foreldre/føresette må melda frå til den aktuelle barnehagen/skulen dersom dei meiner at barnet har rett på eit omsorgstilbod.

Barn av foreldre som har samfunnskritiske oppgåver

Barnehagebarn og skuleelevar under 12 år som har foreldre med samfunnskritiske oppgåver og ikkje kan vera heime skal få eit tilbod i sin barnehage og skule. For barn som bur med to føresette gjeld at begge foreldra skal ha samfunnskritiske oppgåver. Barn av skilte foreldre, kor berre den eine av foreldra har samfunnskritisk oppgåve, kan òg ha rett til tilbod. Dette når den som har samfunnskritisk funksjon har omsorga og barnet buande hos seg. Omsorgstilbodet gjeld berre når det ikkje finst andre moglegheiter for barnepass. Arbeidsgjevar må kunna bekrefta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har oppgåve i samfunnskritisk verksemd.

Beredskapslina i kommunen har fullmakt til å avgrensa eller utvida tilboda ovanfor.

Søknadar skal rettast til styrar i barnehagane og rektor ved skulane.

Meir informasjon finn de her:

Utdanningsdirektoratets informasjon om stengde barnehagar og skular
Helsedirektoratets vedtak om møteforbod og stenging av verksemd

 

Oppdatert informasjon om korona finn de her