Elevane skal jobba med skulearbeid heime. Dei får høve til å hente bøker på skulen sin i morgon, fredag.

Elevar på 5.-10. trinn har eigen PC og kan ha kontakt med sin lærar via læringsplattform og digitale flater. Der skal lærarane gi elevane oppgåver og følgje opp arbeid dei gjer heime. Dei yngste elevane på 1.- 4. trinn vil trenga tilgong til ein datamaskin heima, slik at dei saman med ein vaksen kan finna oppgåver som  dei skal gjere på nettsida til skulen.

Lærarane skal jobba på skulane fredag og måndag og kjem med all informasjon de vil ha bruk for når dei har fått koordinert dette på sitt trinn.

Det vil variera frå skule til skule kor mykje lærarane har heimekontor i perioden, mellom anna avhengig av elevane sin alder og planar for trinnet. Lærarane er på jobb i perioden, og føresette kan ta kontakt med kontaktlærar i arbeidstida.

Dei føresette må melda frå til skulen dersom eleven er sjuk. Elevane skal ha eit opplæringstilbod desse to vekene. Perioden kan verta forlenga; det veit me ikkje enno. Måndag 16. mars er det planleggingsdag og dermed elevfri dag. Elevane skal få arbeidsplanar som er koordinerte på trinn og som vert publiserte på skulen si nettside/læringsplattform slik som i dag frå tysdag komande veke.

Elevar med behov for eit tilbod på skulen, anten grunna foreldre/føresette si samfunnskritiske rolla eller barn med særlege omsorgsbehov, kan få oppretthaldt tilbodet. Dette har rektor avgjerdsmynde på. Meir informasjon om dette finn på Helsedirektoratet si side.

Alle lærarane skal legga til rette for kommunikasjon med elevar og føresette medan skulane er stengde.

Oppdatert informasjon om korona finn du her