For at planen skal bli god treng me å få fram ulike meiningar og ønskjer. Alle har rett til å uttale seg i saker som gjeld kommunal planlegging, og me vil gjerne ha dine innspel. Ulike møteplassar vil bli nytta for å sikra brei medverknad for planarbeidet. I tillegg til kommuneplanen sin digital møteplass, vil det bli gjennomført folkemøte/kafedialog, desentraliserte kontordagar, møte med foreldreutval, gjestebod og ByLab innbyggjardialog Nokre av møteplassane vil vera opne for alle, nokre vil retta seg mot særskilde grupper. Informasjon om tid og stad vil bli kunngjort på kommunen sine heimesider og den digitale møteplassen.

Dersom du har sendt inn innspel tidlegare, må du sende inn dette på nytt.

Du kan gi innspel på ein av desse måtane: 

Innspela vert offentleg tilgjengelege og arkivert i kommunen sitt arkivsystem. 

Kort om kommuneplanarbeidet

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument for korleis me vil at kommunen skal vera, korleis innbyggjarane skal ha det i kommunen og korleis me skal skape den kommunen me ynskjer oss. Kommuneplanen består av to delar: ein samfunnsdel og ein arealdel. Stord kommunestyre vedtok kommuneplanen sin samfunnsdel for Stord kommune 2022-2043 i møte 21. juni 2022, samfunnsdelen kan lesast her 

No skal me utarbeida ny arealdel. Stord kommunestyre vedtok planprogram for kommuneplanen sin arealdel for Stord kommune 2022-2043, 21. juni 2022. Det er kommuneplanen sin arealdel som fastsett arealbruken med juridisk bindande verknad. Arealdelen skal leggast til grunn for reguleringsplanlegging og handsaming av byggesaker. Arealdelen skal visa kva me kan byggje kor i kommunen og kva areal som ikkje skal byggjast ut.

Følg arbeidet med kommuneplanen sin arealdel på kommuneplanen sin digital møteplass 

I planregisteret arealplaner.no får du innsyn i gjeldande planar og dokument utarbeidd i planar som er under arbeid

Kva skjer med innspela?

Alle innspel vil bli vurdert og inngå i grunnlaget for kommuneplanen sin arealdel. Generelle innspel vil bli samla i eit innspelsdokument som blir journalført i plansaka. Innspel om konkrete område/areal blir journalført med eige saksnummer, og vil bli førebels vurdert ut frå arealstrategiane i ein prosess med konsekvensutgreiing av fordelar og ulemper knytt til kommunen sin ønska samfunnsutvikling.

Me gjer merksam på at kommunen ikkje har plikt til å informera forslagstillarar om korleis innspela vert handsama undervegs i planprosessen. Me vil oppmoda om å lese planframlegget når det kjem på høyring, og komme med uttale om planen ikkje er i tråd med det ein ønskjer. Førstegongs høyring er planlagt våren 2024. Det er ikkje klagerett på vedtaket av ny kommuneplan.