Skyss ber kommunane om å koma med innspel til justeringar i rutetilbodet for buss, båt og ferje. Føremålet er å fange opp forbetringsbehov som grunnlag for å gjere naudsynte endringar og tilpasse tilbodet best mogleg innanfor dei rammene me rår over.

Innspel

Konkrete innspel om ruteendringar ber me om å få tilsendt skriftleg. Det kan til dømes gjelda forslag til justering av rutetider for betre korrespondansar eller betre tilpassing av tilbodet til lokale aktivitetar eller bestemte målgrupper. 

Eventuelle endringar vil i hovudsak setjast i verk i samband med haustrutene i 2022, men det kan og i enkelte tilfelle vere aktuelt å gjere justeringar før dette.

Send inn innspel til post@stord.kommune.no innan 7. januar 2022.

Du kan også senda via post til: Stord kommune, postboks 304, 5417 Stord