Formålet med tilskotet er å legga til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusera tap av dyr på utmarksbeite og fremja fellestiltak i beiteområda.

Enkeltføretak som har rett til produksjonstilskot der det grunna naturgjevne eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid, kan også få tilskot. Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.

Næringsmessig beitedrift vil normalt innebera at dyra går minst 5 veker på utmarksbeite og at meir enn halvparten av medlemene i lag eller foreining har rett til produksjonstilskot.

SØK elektronisk om investeringsmidlar her

Søknadsfrist: 1. mars 2020.

Døme på aktuelle tiltak:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Ferister
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Prioriteringar for 2020

  • Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
  • Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar
  • Planleggings- og tilretteleggingsprosjekter

Landbrukskontoret i kommunen handsamar søknaden. Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda. 

Les meir her: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/tiltak-i-beiteomrader/hvordan-soke