Formålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.
Tilskot vert gitt til
- Beitelag og andre former for organisert samarbeid der det er næringsmessig beitedrift. Næringsmessig beitedrift vil normalt innebera at dyra går minst 5 uker på utmarksbeite og at meir enn halvparten av medlemmane i lag eller foreining har rett til produksjonstilskot.
- Enkeltforetak som har rett til produksjonstilskot der det grunna naturgitte eller driftsmessige forhold ikkje ligg til rette for samarbeid.
Generelt kan me gje tilskot til alle typar tiltak som fremjar beiting i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære.
Døme på aktuelle tiltak
- Sanke- og skiljeanlegg
- Bruer dimensjonert for dyr og folk
- Ferister
- Elektronisk overvakingsutstyr
Prioriteringar for 2023
- Investeringar i teknologi knytt til beitebruk
- Faste installasjonar og kostnadskrevjande investeringar
- Planleggings- og tilretteleggingsprosjekter
Informasjon og søknadsskjema finn du på landbruksdirektoratet.no
Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda.