Til 1.klasseforeldre skuleåret 2021/2022
 
Me ynskjer å invitere dykk foreldre til eit informasjonsmøte på Litlabø skule måndag 02. november kl. 18:00-19:00, i 1.klasserommet.
 
Plan for møtet:
- Informasjon om skulen
- Skulestart og litt om kva barnet ditt vil møte som 1.klassing.
- Overgang barnehage og skule.
- Bli kjend-dagar i mai.
- SFO
- Forventningar frå foreldre/føresette
- Eventuelle spørsmål
 
Me følger hovudprinsippa for smittevern: ingen sjuke skal møte, god hand- og hostehygiene og redusert kontakt mellom born/vaksne. Det anbefalast at kun ein føresett frå kvar heim møter denne ettermiddagen.
 
Vedlagt finn de innskrivingspapir av elevar til 1. klasse. Me ber om at de fyller ut dette og returnerer til skulen på informasjonsmøtet i november. Papiret kan leverast i administrasjons-bygget på skulen.
 
Vel møtt!
 
Med venleg helsing
Kesia T. S. Palmer
-rektor-