Stord kommune er i gang med ein moglegheitsstudie der me skal sjå på korleis kulturhuset kan og bør vera framover.

  • Kva utvikling ser me for oss og kva tilbod og aktivitet tenkjer me huset skal ha i framtida?
  • Korleis kan me eventuelt byggja om huset slik at det kan gje rom til og vera eit godt, inkluderande, framtidsretta og effektivt kulturhus for alle?

Stord kommune har nyleg vedtatt Byromsstrategi; det er viktig for oss å sjå utviklinga av kulturhuset i samanheng med utviklinga av sentrum. 

Innspelsmøtet vil bli leia av HLM arkitektur som har fått i oppdrag å utarbeida ulike skisser/scenario av kulturhuset.

Prosjektansvarlege for forstudien er kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt og kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen.

På bakgrunn av dette ynskjer me alle velkomen til dialog.