Bildet er ein illustrasjon av det nye inngangspartiet og framsida til Nysæter ungdomsskule
Bildet er ein illustrasjon av det nye inngangspartiet og framsida til Nysæter ungdomsskule

Stord kommune søkjer kunstnarar til open prekvalifisering for den nye ungdomsskulen på Nysæter. Fristen for å melde seg på er 15. september.

Stord kommune lyser ut prekvalifisering for kunst til Nysæter ungdomsskule og fleirbrukshall, som er under bygging/ferdigstilling på Nysæter, sør i Stord kommune.

Det kan bli direkte oppdrag eller honorert konkurranse. Budsjettramme for kunst: kr 1.7 mill. Interesserte profesjonelle kunstnarar bes senda søknad med grunngjeven interesse, dokumentasjon av inntil 10 arbeid, og CV, i eit PDF-dokument (maks 7 mb), innan 15.september 2022.

Nye Nysæter ungdomsskule

Stord kommune bygger ein ny ungdomsskule på Nysæter, med ein normal kapasitet for 270 elevar. Fleirbrukshall, klatreanlegg og symjehall er integrert i anlegget. Bygget skal vera eit identitetsskapande og samlande anlegg og ressurs for nærmiljøet. Fleirbrukshallen skal kunna nyttast til ulike typar kulturelle arrangement, i tillegg til idrett. Hallen har eigen inngang og foajé. Bak skulen er det eit stort uteområde med ulike aktivitetssoner, ballbingar m.m. og det er planlagt ein sti og sykkelløype gjennom terrenget i sør og aust. Skuleområdet vert slik ein viktig arena for sosiale relasjonar og fysisk og kulturell aktivitet.

Det er lagt vekt på god flyt mellom inne- og uteareala, oversyn og visuell kontakt. Eit framståande element er aksen mellom nord og sør; forbindelseslinja mellom plassen på framsida og skulegarden. Eit anna sentralt element er ”Hjarterommet”, skulen sin aula, med trappeamfi, som ligg sentralt i bygget med god kontakt til dei fleste avdelingane. Dette området skal brukast til samlingar og fellesaktivitetar. Aulaen er knytt til musikkrom (scene), og øvingsrom for kulturskulen og andre brukarar på kveldstid. Eit auditorium ligg i same område. Biblioteket vil få ein sentral og godt synleg plassering i bygget.

Transparente fasadar gjer at bygningen verkar open og inviterande, og dei mest offentlege romma vert godt eksponert. Medviten bruk av glasflater gjev svært gode lysforhold og er miljøskapande. Store glasflater finn vi både i nord og i sør, og overlys fleire stadar.

Skulebygget vil vera ein ressurs for nærmiljøet og ivareta dei behov skule, idrett og kultur vil ha i fleire tiår framover. Bygget er teikna av Arkitektane VIS-À-VIS, og entreprenør er GL Prosjektservice.

Bildet er ein illustrasjon av den nye skulegarden til Nysæter ungdomsskule
Bildet er ein illustrasjon av den nye skulegarden til Nysæter ungdomsskule

Identitet og målgruppe

Nysæter ungdomsskule ligg i eit område med rik natur og interessant historie. Her har det gjennom tidene vore stolte handverks- og industritradisjonar, som båtbyggjeri og gruvedrift. Namnet på tettstaden, Sagvåg, kjem frå dei sagbruka som fanst der frå gamalt av, og staden har vore ei viktig hamn og trafikalt knutepunkt.

Dei historiske perspektiva er med på å forma stadens identitet, og det er noko kunstutvalet håpar at kunstnarane kan vere seg bevisst, og la seg inspirera av. Kunstutvalet ønskjer å framheva at ein vil sjå etter prosjekt som både er grunna i det lokale/lokalhistoriske og som samstundes har fokus på det notidige og aktuelle.

Kunsten vil ha ei stor og variert målgruppe. Hovudmålgruppa, som det er viktig for oss at kunstnarane ivaretek, er sjølvsagd elevane, ei ung og aktiv brukargruppe. I tillegg skal kunsten òg kunne appellere til den utvida målgruppa som består av dei tilsette ved skulen og dei mange lokale besøkande til idrettshallen, svømmebassenget, klatrehallen, biblioteket og dei andre kulturaktivitetane.

Det er viktig at kunsten blir til glede for ålmenta, difor vil kunstprosjekta bli godt synlege i dei mest sentrale og mest besøkte delane av bygget og ved inngangspartia.

Fokus for kunsten

Kunstutvalet ønskjer at kunsten skal ivareta eit lokalt fokus. Interesse for den lokale identiteten, lokalhistoriske perspektiv og ein stadspesifikk arbeidsprosess vil difor bli vektlagt.

Utvalet ønskjer kunst som er lokalt forankra, men som òg ser utover og framover. Kunsten bør vekka målgruppas nysgjerrigheit, og bidra til å skapa refleksjon, engasjement og open samtale – og oppretthalde relevans over tid. Me ser positivt på kunst som er imøtekommande, inkluderande, og open. Kunst som syner framtidsoptimisme, og som kan engasjera, inspirera og tilføra nye dimensjonar i dei unge sin kvardag.

Det er fleire ulike soner som er vurdert som aktuelle for plassering av kunstprosjekt. Ettersom flesteparten av desse sonene inneheld store glasflater med flott lysinnslepp og stor takhøgd, vil me sjå etter kunstnarar som evnar å gjera god bruk av lyset, og me vil elles vektleggje tydeleg og god materialkvalitet.

Bildet er ein illustrasjon av eksteriøret til nye Nysæter ungdomsskule
Bildet er ein illustrasjon av eksteriøret til nye Nysæter ungdomsskule

Kvalitative krav

Kunstutvalets mål for kunsten på skulen er at den skal vera av høg kvalitet, både når det gjeld utføring og kunstnarisk uttrykk. Det er viktig med ein solid og varig teknisk kvalitet.

Det er naturleg å etterspørje at kunstnaren har fokus på berekraft og miljø, når det gjeld materialbruk og liknande. Me forventar at produksjon og transport av kunstverka tar omsyn til klima, miljø og etikk.

På bakgrunn av dette ser utvalet etter samtidskunst av høg kvalitet, som er open, inkluderande, miljømedviten og samfunnsengasjert.

Søknadsinformasjon

Saksgang:
Kunstutvalet vil invitere dei valde kunstnarane til ein vidare prosess basert på innsendte søknader. Det kan bli honorert skissekonkurranse eller direkte oppdrag. Eitt, to eller tre prosjekt vil få oppdraget. Kunstutvalet har ønskje om å få kunsten installert til årsskiftet 2023/2024. Beskjed etter første runde vil bli gitt i oktober 2022 (med atterhald om forseinkingar).

Budsjettramme for kunst:
kr 1.700.000.

Kven kan søke:
Profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar med tilknyting til Noreg/Norden. Me oppfordrar også kunstnarar utan erfaring frå kunst i offentleg rom til å søka.

Søknadsfrist:
15.september 2022

Søknaden må innehalde:
Kort om din grunngjevne interesse for oppdraget, dokumentasjon av relevante tidlegare arbeid, og oppdatert CV. (Opplysingar om titlar, årstal, materiale og storleik inkluderast i dokumentasjonen.) Konkrete forslag er ikkje ønska i denne delen av prosessen.

Alle dokument samlast i ein PDF-fil, på maks 7 mb. Namngje søknadsdokumentet med: etternamn_fornamn.pdf

Søknaden skal sendast til:
Kunstkonsulent Helene Førde: helene.foerde@gmail.com
Merk e-post med: Prekvalifisering Nysæter og ditt namn.

Vedlegg:
Last ned fullstendig kunstplan for nye Nysæter ungdomsskule (pdf-format).