Sikker istjukkelse er 10-12 cm på små vatn og 14-15 cm på større vatn. Lag eit hol med øks, drill eller isbor og mål tjukkelsen på isen.

Ikkje ismålingar på Stord

Stord kommune har ikkje kapasitet til å måle tjuknad på is. Temperaturen varierer frå dag til dag og i tillegg er det ofte lokale forhold, som straum og bekkar mm, som gjer at isen er tynnare nokre stadar. Det er difor vanskeleg å fastslå om heile isflata er trygg å ferdast på.

Me oppmodar om å bruka den flotte skeisebanen på Vikahaugane dersom du er usikker på om isen på vatnet er trygg.

Brannvesenet har lagt ut isstegar

Kva skal du gjera når du ser at nokon kjempar for livet i det kalde isvatnet?

– Isvettregel nummer ni seier at du skal halda avstand og bruka det du har for handa som ein forlenga arm når du skal hjelpa nokon opp av isen. Om det så er ei redningsline, ein livbøye, ski, skistav eller jakken din.

På Stord har brannvesenet mange stader lagt ut stegar du kan nytta for å hjelpa dersom nokon går gjennom isen. Her kan du sjå kvar stegane er lagt ut. 

Ring naudnummer dersom uhellet er ute

Dersom uhellet er ute, er det i tillegg viktig å ringja naudnummer:

  • 110 (brann)
  • 112 (politi)
  • 113 (ambulanse).

Isvettreglane (forkorta versjon)

 

  1. Ha respekt for isen
  2. Ikkje gå ut på is uten å kunna svømma
  3. Hald deg på sikker is.
  4. Ver særleg merksam på haustis, snødekka is og våris
  5. Bruk alle sansane når du går på isen
  6. Gå fleire i følge
  7. Ta med deg skikkeleg og tilstrekkeleg tryggleiksutstyr
  8. Viss du går igjennom isen; ikkje få panikk
  9. Viss andre går gjennom isen; hald avstand


Kjelde: Tryg Forsikring, Friluftsrådet Vest og Norges Livredningsselskap.