Arbeidet med å utbetra Litlabøkrysset er godt i gang, og det nærmar seg sprenging av fjellmassane som skal vika for ny passeringsfil til nordgåande trafikk på E39. Men før denne jobben kan ta til, må hovudvassleidningen langs vegen leggjast om.

I komande helg vil innkoplinga av den mellombelse vassleidninga bli utført. Planen er å få dette utført fredag kveld og laurdag natt (20. og 21. april). Skulle ein få problem med gjennomføringa vil ein nytta helga til å få utført arbeidet. Stord kommunalteknikk (SKT) ber difor innbyggjarane i sentrum og dei søre og vestre bydelane om å vera førebudd på at vatnet kan forsvinna på kort varsel i denne perioden. Vidare kan vasstrykket i ein periode bli redusert. SKT oppmodar samstundes folk til å ta sine forholdsreglar gjennom å tappa opp vatn.

Mannskapa til SKT vil vera i høgste beredskap så lenge dette arbeidet held på. SKT har gode rutinar for slik «omdirigering», så det skal ikkje ta så lang tid før folk får vatnet attende. Planen er at omkoplinga skal bli utført utan å stenge av vatnet for kundane. Ulempa er at vassforsyninga vestover (i ei tid framover) då vil gå gjennom røyr med mindre dimensjonar enn hovudvassleidningen, noko som kan resultera i dårlegare trykk for bebuarar i høgareliggande område, mellom anna i Sagvåg.

Vedlagt illustrasjon viser den gamle hovudvassleidninga, to nye vasskummar, mellombels vassforsyninga i samband med utbetringa av Litlabøkrysset, samt dei to tilkoplingspunkta (påkoplingspunkt 1 og 2) som skal koplast på hovudvassleidningen i komande helg.

For meir informasjon, sjå følgjande lenke til statens vegvesen si facebook side: https://www.facebook.com/vegprosjektSunnhordland/photos/a.1558607690869475.1073741828.1558485030881741/1810581969005378/?type=3