For å få eit meir effektivt system framover skal klager blir registrert på nettsida som Renevo AS har etablert: klage > Renevo.

Når ein registrerer ein klage på denne sida, vil ein få ei kvittering på det som er meldt inn. Renevo AS vil lagre kvar klage i fullt format.

Statsforvaltaren har rett til å få sjå kvar enkeltklage. Statsforvaltaren har varsla pålegg til Renevo AS om å rapportere talet på klager til Statsforvaltaren ein gong i månaden. Første gong Renevo AS må rapportere er 10.05.2023.

Verksemda må samtidig rapportere kva tiltak som er satt i verk den siste månaden.

Statsforvaltaren vil gjennomføre tilsyn hjå Renevo AS 19.04.2023. Då vil også gjennomgang av klager vere eit tema.